mandag 4. april 2016

Sola har gått ned i Breisundet


Ein nydeleg dag går no over til natt.
Frå tunet ser vi mot Breisundet og ope hav.



I ettermiddag har vi rydda langs ein steingard.
Flotte mosegrodde steinar har kome fram i lyset.
Vi har høyrt lyden av knitrande bråtebrann.

Flaggstonga er lagt ned.
Det trengs eit malingsstrøk og ei ny flaggline.
Alt dette er vårsyssel.

Det er godt med lange og lyse ettermiddagar. 
Vi kjem trøytte og sletne frå jobb, 
men får ny energi av å sysle på tunet med stort og smått.





2 kommentarer:

  1. De e so flinke!!!! Gled dokke på lamminga no, DÅ er det VÅR!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Marita!! Ja, no pustar og peser sauene bra. Mykje eting og kviling gjennom dagane for dei. Reknar med at frå 20.april då er det i gong!!!

      Slett