søndag 30. november 2014

Ein staut kar frå Stranda

Ti sauer har no funne seg godt til rette på tunet. Dei et og trivs. Dei er rolege og tillitsfulle. Kvar og ein har eiga personlegheit som vi blir meir og meir kjend med.





Væren har vore på feriekoloni i Volda i lag med tre andre værar. Dette for å ha selskap i påvente av å flytte til ny heim. Laurdag 29.november var det hentedag. 



Ein lys og flott vær!!


Litt jaging av flokken i starten, men han vart fort godkjent. 
Det blir spennande dagar framover, men resultatet blir ikkje klart før april/mai.

Ynskjer alle ei god adventsveke!


lørdag 29. november 2014

Vindauge og bordkledning 2

Igjen har vi ei periode med opphaldsvèr. Vi er utruleg heldige sidan vi ikkje er ferdig med utearbeidet. Husbonden ser enden no, seier han. Mangel på bordkledning og nokre vindu som kom med feil hengsling, gjorde at det vart ei pause i snekringa. No er det berre kjellarvindu, dører og litt bordkledning i tre møner som skal på. 

Dei som skal legge takstein har hatt to arbeidsdagar og det er godt å sjå at Vossaskiferen kjem på taket att! 
Taka på dei to utbygga er omtrent ferdige.











Ynskjer alle ein god kveld.
I morgon er det 1.søndag i advent.
Adventstida er ei utruleg koseleg tid. 
Målet i 2015 er at det blir julefeiring i Nilsgarden.


søndag 9. november 2014

Vindauge og bordkledning I

Siste veka har det stortsett vore opphaldvèr. 
Det er ypperleg for utearbeid! Husbonden har stått på å snekra bordkledning. Eg har vore handlangar. 
Vi har no fått eit godt inntrykk av korleis huset blir med orginalvindauga og bordkledning.

I front skal det kome ei tofløya dør og 
kopi av orgianalvindauget over. 








Vi ventar på snekkarar som skal legge stein på taket. 
Det hadde vore kjekt å fått taket ferdig før vinteren.

Det vert spennande framover!

God arbeidsveke til alle!!!


lørdag 8. november 2014

Flyttedag for ti sauer

Det har vore bloggtørke siste månaden. Tida strekk ikkje til, men det betyr ikkje at det er stilstand i Nilsgarden. Vi arbeider jamnt og trutt. Dagane har vorte betydeleg kortare, men med lyskastarar greier ein å arbeide like godt. 
I eit seinare innlegg kjem oppdatering på restaurering av hus. 

12.oktober var ein spennande og stor dag for småbrukarane i Nilsgarden. Eller bonden og drengen som drengen likar å seie det. Ut på ettermiddagen denne dagen reiste vi til garden Tømmerbakken for hente ti søyer. Gamalnorsk spælsau heiter rasen. Etter ein del sondering siste året var det denne rasen vi bestemte oss for. Denne rasen trivs i utegang, men må tilleggsfôrast noko.





Rasen vart godkjent som eiga rase i 2002. I 2010 var det kun 3000-4000 gamalnorsk spælsau i Norge og var då trua av utrydding. Talet har no heldigvis auka. Fleire og fleire ynskjer å satse på denne hardføre rasen og den er i dag ikkje lengre rekna som trua.

Sauen fins i svært mange fargar, både med og utan horn. Flokken vi kjøper frå er avla fram utan horn, men det kan kome att. Gamalnorsk spæl er dobbelt så tung som gamalnorsk sau og det var ein av fleire grunnar til at vi valde denne rasen. 

Etter ei liten biltur rygga vi inn på beitet heime i Nilsgarden. 
Fleire var komne for å sjå korleis det gjekk. Sauene vart lokka med kraftfòr og dei var nyskjerrige på kva som var i bøtta. 





Etter ei stund kom alle ut av hengaren  og tok til å smake på graset. Det såg ut som det smake godt og velkjent. 
Første to dagane var sauene "skjerre", som vi seier på desse kantar.

Etterkvart har vi fått gitt dei mat frå handa og dei klatrar oppetter oss for å få ein godbit. Tørre brødskalkar er ein favoritt i lag med litt kraftfôr. Dei kjem som regel når vi ropar og er svært begeistra dersom vi har noko godt å by på. 
Dei har funne både saltsteinen og vatnet vi har sett fram. Det ser no ut som dei har funne seg til rette.

Den første veka sauene fekk på garden var det mykje vind og regn. Dei fann ly bak rundballane, men til slutt syns vi at dei måtte få eit krypinn. Vi laga ein provisorisk gapahuk med tre veggar og tak. Dei var litt skeptiske i starten, men når dei fekk servert kraftfôr "inne" var dei ikkje seine å be. 
Då var det gjort. Gapahuken vart godkjent og tatt i bruk.

No har det snart gått ein månad og sauene går no på tredje beitet sidan dei kom. Dei går på innmarka enda. Mellom snekringa ryddar vi litt beite og har starta å setje opp permanente gjerdestolpar i utmarka. Her står ein gamal sommarfjøs som kan nyttast til ly når det trengs i vinter. 


Ynskjer alle ein fin kveld!