lørdag 23. april 2016

Svarta fekk to sett tvillingar med ti dagars mellomrom



Torsdags kveld skjedde det noko sjeldan i Nilsgarden. Søya Svarta var den første som lamma 11.april. Ho fekk to flotte tvillingar. Dagane etter har det kome tretten andre lam både enkle, tvillingar og trillingar. 

Torsdag 21.april var vi som vanleg i sommarfjøsen for å gi alle litt kraftfòr, brød og høy. Dagleg rutine er å telje opp søyer og lam for å ha full oversikt over dei lamma som allereide er komne og om noko er i gong med dei andre som ikkje har lamma. 

Svarta kom ikkje til sommarfjøsen ved fòring og vi gjekk ut i beitet å leita. Ho var då på veg til fòringstaden, men sidan ho hadde fire lam på slep så gjekk det ikkje så fort. Vi lurte sjølvsagt på kven sine lam ho passa på og leita i flokken. Det var ingen andre av sauene som viste teikn til å eige desse. Når vi undersøkte Svarta var det tydeleg at det var ho som nettopp hadde født. Spørsmålet om det gjekk ann slo oss. To tvillingar med ti dagars mellomrom?

Vi delte av sommarfjøsen og laga til binge innst inne. Dei nyfødte lamma var både våte og kalde, men vi fekk gitt dei både lammetonic, morsmjølk og tillegg. Før vi tok kvelden var dei nye lamma i full vigør. Ei runde om natta og tidleg morgon var nødvendig for å sjekke korleis dei greidde seg. Alt ser no ut til å gå fint. Vi har fått gitt lamma ku-råmjølk for å sikre at beket kjem ut og ikkje lagar forstopping.

I løpet av fredagen vart vi ringt opp av Sunnmørsposten for intervju og etter diverse svar på sosiale media har vi no forstått at denne fødselen er av dei sjeldne. Artikkelen i Sunnmørsposten: 
Svarta og tvillingane



For ei stund tilbake stod denne artikkelen i Bergens Tidene:
Mirakelsauen 

Svarta og dei fire lamma står enda i sommarfjøsen. Lamma får tillegg, men dei syg like gjerne av lammemora. Alt ser ut som går fint. 
I dag opplever vi ei kraftig erleri og alt er kvitt. Ei runde i fjøsen er nødvendig for å sjekke om alt er som det skal. 

Det var utruleg at vi skulle få oppleve dette sjeldne. 
Naturen gir oss overraskingar og mykje å undre oss over. 

Ynskjer deg ei god helg!





mandag 18. april 2016

Den travle og gode lammetid

No brånar siste snøen, og graset spirer fram.
Utover heile bøen går sauene med lam.
Kvar langbeint liten tull, med ulla krull i krull
går krutt og diltar etter mor, for verda er så stor.

Når dei skal over bekken, veit mor kvar dei skal gå.
Og ho står still på flekken, så ungen mat kan få.
Og når han så er mett, då hoppar han og sprett
ikring blant grøne strå og blad og er så nøgd og glad.
                                                                                                             Halldis Moren Vesaas



 Eg er så hoppande glad i våren!









Merking av lam og søyer





To stolte vèrar; Skjeggen og Shaun
                                                                                Foto: E. Kipperberg





mandag 4. april 2016

Sola har gått ned i Breisundet


Ein nydeleg dag går no over til natt.
Frå tunet ser vi mot Breisundet og ope hav.



I ettermiddag har vi rydda langs ein steingard.
Flotte mosegrodde steinar har kome fram i lyset.
Vi har høyrt lyden av knitrande bråtebrann.

Flaggstonga er lagt ned.
Det trengs eit malingsstrøk og ei ny flaggline.
Alt dette er vårsyssel.

Det er godt med lange og lyse ettermiddagar. 
Vi kjem trøytte og sletne frå jobb, 
men får ny energi av å sysle på tunet med stort og smått.





lørdag 2. april 2016

Pølseproduksjon

I dag har vi laga pølser. 
Ei blanding av 2/3 hjortekjøt frå jakta i fjor og 1/3 svinekjøt. Krydra med salt og pepar. 

















Ein prøvesmak. 
Dette blir søndagsmiddagen denne helga. 
Heimelaga pølse med poteter og rabbestappe. 

Det er ei god kjensle å lage maten frå grunnen av. 
Det var godt å rydde frysarar òg. 
:-)

God laurdagskveld!