tirsdag 24. september 2013

I symodus.

Når eg starta å blogge var det først og fremst for å dokumentere restaureringa av Nilsgarden. 

Ein gong i framtida vil vi bli ferdige inne og då kan det vere greit å ha tankar om interiøret. Desse tankane kjem ofte i god tid hos meg. Planlegging er eg god på og syns at halve gleda er akkurat å planlegge. No har eg fått ferdig noko lappearbeid som eg har hatt under produksjon ei stund. 
Tanken er at det kan passe på eit bondeblått kjøkken.




Då har eg fått presentert ein av hobbyane mine. 
Det kjem kanskje fleire....

Ha ein triveleg haustkveld!

Irma

mandag 23. september 2013

Møblar med sjel.

To ynskjer har gått i oppfylgjing!

Eg har lenge vore på jakt etter eit skatoll og ein gamal skulepult. 
Sidan vi endeleg har vorte småbrukarar syns eg at jakta på dette kunne intensiverast. 
(Ikkje det at lagringsplassen har vorte større, men.....)
Håpet var at eg ikkje måtte køyre Norge rundt for å få tak i dette. Brått kom eg over ei annonse frå ei av nabokommunane der ei dame ville selje eit 90 år gammalt skatoll til ein fornuftig pris og ikkje lenge etter kom eg over ein gamal skulepult frå nabobygda!








Skatollet har fått plass i vår noverande stove. 
Gler meg til det skal få plass i gangen mellom stova og kjøkkenet i Nilsgarden.

Her skal skatollet stå:

Skulepulten har fått plass i gangen min. 
Den er grundig vaska, men den må nok få ein omgang med sandpapir. 




Tanken var at den skal få plass i vindfanget, men det ser berre slik ut enda:



Inngangsdøra bli til høgre for dei to stolane som står der.

Ha ein flott kveld!

Irma


torsdag 19. september 2013

Tre månader med venting!

Dette gjorde vi i sommar når vi venta på at byggeløyve skulle gå i orden. 
Sidan merknadane til første søknad var til arka på taket tenkte vi at vi kunne setje opp murane til tilbygga. Vi så gjorde.....

Dette blogginnlegget har lagt på vent i snart tre månadar.
Kven hadde trudd at det det skulle ta så lang tid å få skriftleg byggeløyve?

* * *

Etter veker med graving var det klart for setje opp fundamenta for grunnmuren til påbygga.
Det var greit med erfaring frå legobygging då dette arbeidet likna veldig. Ein del tilpassing og justering må til når ikkje alt er like beint på gamlehuset. Vi måtte blant anna rive av delar av bordkledninga, for å ha tømmerkroppen å måle etter.  






Det er kjekt å arbeide ute når vèret er så bra. Inn i mellom sit vi og nyt utsikta. Fyrer i bålpanna og planlegg neste jobb. Ferietida har starta og vi kan bruke heile dagar her framme på garden. 

På regnvèrsdagane riv vi inne, tek ut spikarar av tømmerveggane, berer ut rivingsavfall og køyre det vekk. Det er veldig spennande å så kva som dukkar opp når vi riv. På kjøkkenet har vi kome inn på blåmala tømmer og på eine soverommet oppe nydeleg umala tømmer. Dette skal eg vise seinare!

Denne helga har bonden som skal slå innmarka vår starta arbeidet. Lukta av nyslått gras gir assosiasjonar til oppveksten då vi hjalp til med å setje opp hesjar. Vi har sikra oss hesjastaurar og  vi reknar med å få bruke dei ein gong.

* * *

Sommaren er no forbi og hausten står for dør. Snekkarane var klare å ta til med bygginga no i september, men vi valde å utsette oppstarten til våren sidan løyvet lot vente på seg. 
Sidan taket skal vølast og isolerast er det tryggast å gjere det når det vårast. 

Men vi er ikkje arbeidsledige. 
I kvar ledig stund styrer vi med eit kvart og vi gler oss over å arbeide på eigen gard!

Ha ein fin kveld!

Irma

mandag 9. september 2013

Velbrukt


Denne gamle slipesteinen som står ved lødebrua er eg så glad i.
Han er gamal og mosegrodd.

Tenk kor mange knivar og ljåar som har vore slipt gjennom åra.
Det er slik at ein skulle ynskje den kunne fortelje historier.

Tanken er at den skal bli retta opp og få nytt passande stativ. 
Den skal takast vare på for å minne oss om ei tid som var.

Ynskjer deg ei fin haustveke!
Irma

lørdag 7. september 2013

Takstein

Våningshuset har Vossaskifer på taket. 
Skal vi ha skifer eller torv no når vi legg nytt tak? Skal vi skifte til anna type skifer? 
Vi har gått mange runder.... 
Mange val å ta undervegs, men no har vi bestemt at vi legg Vossaskifer på det nyvølte taket!


Ei gamal løde i nabolaget med Vossaskifer skal rivast denne sommaren! 
Kan vi vere heldigare? Vi tilbyr oss å ta ned denne skiferen.



Trur vi skal ha nok skifer til både våningshuset og andre gardshus som kjem i framtida...

Men er det nokon som har gode råd om korleis vaske denne steinen? Vi har snakka med fleire og har fått mange råd. Klorin, kaustiksoda og kraftvask.
Vi går for det første og det ser ut til å vere effektivt.

Mykje skal vaskast og det må gjerast før frosten kjem. Hellene må stå på høgkant for å ikkje bli øydelagde i frosten. Eg har ikkje tenkt å setje dei på høgkant før dei er vaska.


Det er berre å brette opp armane og starte. Med ny høgtrykkspylar må no vel dette gå som ein leik!




Gode reiskapar er alfa og omega, men eg må innrømme at eg har eit nitidig arbeid framføre meg.
140 heller er no vaska og stabla etter dagens arbeidsykt. 
Det er ikkje mange mosesortar som har overlevd behandlinga!



Er eigentleg ganske fornøygd med resultatet!
Dette var første arbeidsykt. Då har eg berre rundt 900 heller att :-)

Ha ein strålande laurdagskveld!

Irma