tirsdag 23. september 2014

Sakte, men sikkert

Vi jobbar jamnt og trutt i Nilsgarden. Det har vorte  ein annan temperatur enn det vi er vande med, men hausten er ei fin tid med skarp luft og klart vèr.
Litt sol og regn høyrer med. Vi må nytte opphaldsvèret ved å arbeide ute når vi kan.

Våningshuset har no vorte isolert frå utsida og asfaltplatene er komne på. Mykje av materialrusket rundt huset er rydda opp. Kjellartrappa har vore full med rusk og rask etter snekring på veggen oppom. Eg har fått kosta trappa og då eg kom ned i kjellaren fortsette eg innover. Kasta ut gamalt skrot og kosta golvet. Kjellaren vart så fin! Bakstebordet kom til sin rett og snekkarbenken vart flytta, og fylt med gamalt verkty. 


Mange skattar dukkar opp når ein kostar og ryddar.


Isolering av dei gamle tømmerveggane skjer frå utsida.


Asfaltplater, duk og lekter er komne på.




God arbeidsveke til alle!