onsdag 27. august 2014

Huset 25.august

Restaureringar av huset går sakte, men sikkert framover.
Støypearbeidet som skal forsterke stenderverket utanpå tømmerveggane har tatt mykje tid. 

Husbonden har fått starta med å isolere og legge på asfaltplater på oppsida av huset. Dette er no fukt-tett med ein duk. Lekter skal utanpå før bordkledninga skal på.





Denne veka har vi hatt hjelp av ein lokal snekkar som har montert takrenner og starta med å legge på att taksteinen. 
Vi gler oss til steinen er på taket. Då kan hauststormane berre kome.
Dette er eit møysommeleg arbeid og vil ta tid. 


Ynskjer deg nydeleg kveld! 






tirsdag 26. august 2014

Steingard

Sommaren er på hell og kvardagen har starta for fullt. Denne sommaren har fem nydelege kvalpar vore hovudfokus. Dagane har gått til sosialisering, leik og trening. Mykje kosing og mating!







 
 Har elles klipt graset på tunet, vore handtlangar og vaska heller til hustaket. Det siste har vore min jobb denne siste veka. 
Ny og spennande jobb har kravd mykje energi siste vekene og då er det godt å kome hit opp på tunet. Det er godt med fysisk arbeid når ein sit mykje dagane.

Husbonden har huset som prioritet ein, men inni mellom har han ein steingard som han koser seg med når han er lei snekringa og taklegginga. 
Vi har hatt noko snekkarhjelp til råbygga og det nye taket. Akkurat no er vi så heldige å ha ein snekkar som hadde nokre dagar ledig slik at takrenner og noko av steinen på taket vert lagd. Og trur ikkje du han hadde med seg ein kar som var flink til å vaske heller. Vips så er hellene snart ferdig vaska, men eg blir nok ikkje arbeidslaus av den grunn.....






Frå gamalt av stod her ein steingard. Den vil husbonden setje opp att. Det er rund stein som finst i området og då brukar vi det.







Eg syns dette blir veldig fint. Meter for meter veks steingarden. Til venstre er der bærtre, frukttre og etterkvart blir det grønnsakshage. Til høgre ein traktorveg og innmarksbeite. 

Det går framover med bygging av våningshuset i Nilsgarden. Mykje skal på plass før vinteren, men vi stressar ikkje. Dette er eit fritidsprosjekt og iveren over at det lagar seg til litt etter litt driv oss i arbeidet. Gler meg verkeleg til bordkledning og vindu kjem i. 
Då vil vi verkeleg sjå korleis huset blir.

God kveld til alle!




.