mandag 26. august 2013

Utmark og skråningar skal ryddast.

No tek kveldane til å mørkne att og då kjenner eg at blogglysta vaknar. 
Vi har arbeidd jamnt og trutt heile sommaren. Det er gardstunet og området rundt som har fått litt merksemd. Byggeløyvet let vente på seg. Det er stadig papir som skal underskrivast eller tilleggsøknadar som skal inn. Men vi er ikkje arbeidsledige. 
Vi arbeider litt her og der. 




 Her er ei skråning som deler innmarksbeite og utmarksbeite. 
Denne nydelege finevèrshelga har vi slått og raka.


Vi syns det vart veldig fint! Det er så kjekt å få vekk gamalt gras og kratt.

Det stod eit gamalt uthus på innmarka som var brukt til å lagre hesjastaurar og skårer. Både huset og innhaldet var gamalt og rote. 
Heile huset vart tatt med frontlessar og kasta på jonsokbålet før slåtten tok til. 

Etterkvart har nytt fundament vorte støypt og på seinsommaren har den snekkarkyndige i familien sett opp stenderverket til nytt staurhus. Ja, for vi har staurar og skårer. Kjøpt av ein bonde i nabobygda. Det er klart vi må ha hesjeutstyr!


Ha ein god måndagskveld!

Klem frå Irma