søndag 28. februar 2016

Det var ein gong ein skomakar

i Nilsgarden.

Andreas Rasmusson S. Vartdal frå Larsgarden heitte han, 
født (1824-84). Han fekk skøyte på garden i 1858 for 400 spd (1 spd er lik 4 kroner/ 1 krone den gongen var 50 gongar så mykje verd som i dag) og var rekna som første brukaren i Nilsgarden.
Det står i Vartdalssoga, band I at han ikkje tok garden i bruk før noko seinare. Han var son til Rasmus Knutson Myklebust frå Knutegarden, (1787 - 1845) også kalla Skule-Rasmus då han var omgangsskulelærar på Vartdalsstranda.

I 1875 er det oppgjeve at Andreas brukte gardsnr 91 og bruk 1 saman med bror sin Nils, medan Elias Pederson bruka hi holva, br.nr.2, Pegarden. Pegarden var skilt ut frå bruknr 91 gnr 1 i 1849. 
I følgje soga fora dei 1 hest, 4 kyr og 9 sauer på bruk nr.1.Vartdalssoga fortel vidare at Andreas dreiv også som skomakar. Han var gift i 1879 med Johanne Olsdotter Melbø frå Endregarden. Desse to fekk ikkje born.

Då vi rydda huset fann vi skattar som vi sette på lager i fjøset då taket skulle skiftast og huset vølast. Her eine dagen var eg på skattejakt og fann ei trekasse. Det hadde vore eit skrin med skyvelók, men lóket var vekke. Opp i skrinet var der skomakarutstyr. Eg trur rett og slett det må vere etter Andreas-skomakar. Skrinet fann oss på loftet i huset då vi rydda.
Skomakarutstyret skal vi sette fram når vindfanget er heilt ferdig. 

Sjølve skrinet er no vaska og blir brukt til til kaffi 
og teutstyr på kjøkkenbenken.




Kjelde: Vartdalssoga band I, s.255-257 + s. 613-617.
Wikipedia : Speciedaler
Forum.arkivverket.no

Eg kjenner eg blir nyskjerrig når eg finn gamle ting og 
når eg les i sogene.
Det spørs om eg ikkje må finne ut meir. 



lørdag 27. februar 2016

Morgonstund


har gull i munn


Den som er lykkeleg kan aldri stå for tidleg opp!
                                                                                                                                                        Camilla Collet


Ynskjer deg ein fin laurdag.




                                                                                                                                                                                  

lørdag 20. februar 2016

Ein kik gjennom glasa


Ein mørk kveld tok kreativiteteten overhand. 
Ei samling med hjerter vart gardinkappe på stova.


Ein ser ikkje så mykje gjennom glaset i mørkna, 
men inne er det lyst og varmt.


Huset tek til å bli ein heim.



Vi har ei utruleg flott utsikt over sjøen og 
Breisundet den eine retninga og 
Sunnmørsalpane framover bygda.

Orkideen står i full blomst snart.


Kirsebærgreiner i blomst. 
Det er vårstemning både ute og inne i dag. 
Snøen som kom tidlegare i veka har blese vekk og 
gulgrøne markar kikar fram.



Det er helg og to blanke dagar vi kan fylle med det vi vil.
I dag er planen å montere hyller på kjøkkenet. 
Kanskje benkeplata på vaskerommet kjem på plass?

Hugs at ingen er som deg og det er di styrke!


Ynskjer alle ei god helg!





tirsdag 16. februar 2016

Bålkos i Nilsgarden



Det er ikkje noko som å sleppe alt ein har i hendene, 
pakke ei korg med pølser, varm drikke og
gå fram i beitet og tenne eit bål.

To små og tre store
med varme klede.

Ein ulldott med pels.

Himmelen er klar og 
månen dinglar.


Forventningsfulle auge 
på spiddepinnar. 
Svarte, lunka og kalde pølser
går ned på høgkant.

Varme frå bålet og dei rundt.
Familie, vennskap og kjærleik. 

Fire små trøytte auge, bållukt
og glede.

Det er godt å leve!

















mandag 15. februar 2016

Glade sauer


på beite i februar.



Somme er meir fotogene enn andre. 
Runa er ei nyskjerrig og klok søye. 




Sauene går ute heile året. Rasen heiter gamalnorsk spælsau 
og dei får tilleggsfòr kvar dag.
Dei har ein gamal sommarfjøs der dei kan finne ly og mat. 
Elles gneg dei på seljetrea, ripsbær- og villbringebærbuskene 
dei finn på beitet. 
Etter 1 år og 4 mnd med beitedyr ser vi kor beitet opnar seg. 

Ynskjer alle ei fin veke!