søndag 28. februar 2016

Det var ein gong ein skomakar

i Nilsgarden.

Andreas Rasmusson S. Vartdal frå Larsgarden heitte han, 
født (1824-84). Han fekk skøyte på garden i 1858 for 400 spd (1 spd er lik 4 kroner/ 1 krone den gongen var 50 gongar så mykje verd som i dag) og var rekna som første brukaren i Nilsgarden.
Det står i Vartdalssoga, band I at han ikkje tok garden i bruk før noko seinare. Han var son til Rasmus Knutson Myklebust frå Knutegarden, (1787 - 1845) også kalla Skule-Rasmus då han var omgangsskulelærar på Vartdalsstranda.

I 1875 er det oppgjeve at Andreas brukte gardsnr 91 og bruk 1 saman med bror sin Nils, medan Elias Pederson bruka hi holva, br.nr.2, Pegarden. Pegarden var skilt ut frå bruknr 91 gnr 1 i 1849. 
I følgje soga fora dei 1 hest, 4 kyr og 9 sauer på bruk nr.1.Vartdalssoga fortel vidare at Andreas dreiv også som skomakar. Han var gift i 1879 med Johanne Olsdotter Melbø frå Endregarden. Desse to fekk ikkje born.

Då vi rydda huset fann vi skattar som vi sette på lager i fjøset då taket skulle skiftast og huset vølast. Her eine dagen var eg på skattejakt og fann ei trekasse. Det hadde vore eit skrin med skyvelók, men lóket var vekke. Opp i skrinet var der skomakarutstyr. Eg trur rett og slett det må vere etter Andreas-skomakar. Skrinet fann oss på loftet i huset då vi rydda.
Skomakarutstyret skal vi sette fram når vindfanget er heilt ferdig. 

Sjølve skrinet er no vaska og blir brukt til til kaffi 
og teutstyr på kjøkkenbenken.




Kjelde: Vartdalssoga band I, s.255-257 + s. 613-617.
Wikipedia : Speciedaler
Forum.arkivverket.no

Eg kjenner eg blir nyskjerrig når eg finn gamle ting og 
når eg les i sogene.
Det spørs om eg ikkje må finne ut meir. 



2 kommentarer:

  1. Så stas å kunne ta ibruk noe man vet historien til. Jeg har som mål å finne svar på sånt for min slekt så jeg ringer rundt til alle for tiden og stiller spørsmål. Bygdebøker er også gull verdt.

    SvarSlett
  2. Det står mykje i bygdebøkene og dei ligg lett tilgjengeleg i desse dagar :-)

    SvarSlett