mandag 30. juni 2014

Undervegs i restaurering og nybygg

Utbygget framover på huset er kome opp! 
Denne siste veka har vi vore spent på korleis takvinkelen på utbygget kom til å sjå ut og korleis plasseringa av vindu og dører ville passe. 
Vi har kun teikningar av eksteriør og då er det ikkje like lett å vere snekkar..... Men med erfarne og løysingsorienterte karar så blir det eit godt resultat som vi så langt er veldig fornøygd med.




Som de ser så har vi vore utruleg heldig med vèret. Det ser ut som det blir nokre dagar til med opphaldsvèr før regnet kjem. 

Ynskjer alle ei god veke! 

Hugs å leve i nuet:-)





søndag 29. juni 2014

Høyet skal inn

Vi har nydeleg tørt vèr med noko vind på nordvestlandet. 
Ypparleg terre! 
I starten på veka var det kald nordavind, men siste dagane har vi leita fram kortebukse og singlett. 
Reine sommardraumen for den som både ferierar 
og er småbrukarar.
Denne helga har vi blant anna fått inn det meste av torrhøyet. 
Vi heiv torrhøyet av hesene når doggen på marka tørka opp og pakka det i tusenliters-vedasekkar ut på ettermiddagen. 
Fole kjekt når oss stablar høyet på løda og lettvint å ta att når vi skal fore sauene utover vinteren.




Etter mykje jobbing på garden dei siste dagane vart det tid for ein god og lang fjelltur i dag!
Vi gjekk opp Molladalen, som vert rekna som ein av Norges vakraste dalar og vidare over Molladalsskaret og ned til setra Hauen på Ytre Standal. 
Ein nydeleg tur i flott sunnmørsknatur. Rekreasjon for kropp og sjel!






Det vart litt reklame for nærområdet i siste del av innlegget. 
Vi bur midt i sunnmørsalpane og kan velje og vrake i gode turmål.
Når vèret er som det har vore i det siste har vi ikkje behov for å reise vekk på ferie.
Vi bur faktisk her, midt i ferielandet :-)






fredag 20. juni 2014

Avkopling

2. pinsedag kopla vi ut og tok oss ein padletur.
Vi har akkurat tatt grunnkurset i havpadling og 
var heldig å få med ein kompis som 
har ein del meir erfaring. 
Planen var å padle rundt Raudøya i Ørstafjorden. 
Vèret viste seg frå si beste side og turen gjekk til Raudøya, 
via Berkneset til Yksnøya. 
Bileta er frå den fråflytta øya Yksnøya. 
Vi har ikkje undervegsbilete då eg kun har eit speglreflekskamera som ikkje er så ideelt å ta fram når ein padlar.....












Her var ein del inspirasjon å ta med oss heim til Nilsgarden!





onsdag 18. juni 2014

Muring

Vi har nokre flinke murarar som har tatt på seg oppgåva å forsterke grunnmuren, støype ny trapp, lage fundament til steinane vi skal legge på grunnmuren og støype rundt vindu og dører i kjellaren.









Ynskjer deg ein fin onsdagskveld!



søndag 15. juni 2014

Nytt tak

I slutten av denne veka har snekkarane fått sett opp arka og lagt på duk. 
Heile huset fekk seg ei god bløyte på torsdag for då pøsregna det skikkeleg.
Med god vind dei følgjande dagane tørka det fint opp att.




Det skjer ein del no framover og det er mykje som skal bestemmast.
Det er godt at det snart er ferie. Berre ei veke att!

Denne helga har eg fått møtt eit koseleg par der ho slekta frå Nilsgarden. Ho har mange gode minner frå garden og det var kjekt å høyre når ho fortalde frå barndomsåra. Desse to har hytte på sætra og eg fekk sjå ei perle av ei hytte utan straum og innlagt vatn. 
Det er så kjekt å møte folk som sett pris på det enkle hyttelivet og som sett pris på verdiane i å ta vare på det gamle. 
Det var ei triveleg stund i lag med desse to.


Ynskjer alle lesarar ei fin veke!




tirsdag 10. juni 2014

Nytt tak

Å skifte nytt tak på ein gamal tømmerkropp er ei utfordring. 
Snekkarane frykta skeivheit både diagonalt og 
i sjølve tømmerveggane.
Diagonalane var ikkje så aller verst, 
men skeivheita i tømmerveggane vert ei utfordring framover.

Det er ei fryd å kome heim frå jobb og sjå forandringa som skjer med huset. 
Vi går spennande veker i møte.





Vi har hatt eit nydeleg pinsevèr her på nordvestlandet.
Vèret nyt vi ute med ulike aktivitetar og 
i pinseafta arbeidde vi heile dagen for å sikre sauene våre 
torrhøy for vinteren! 



Ynskjer alle ei god veke!


mandag 9. juni 2014

Hesjing anno 2014!

Fredag før pinseafta slo husbonden marka nærmast garden. 
(6.juni 2014)
Planen var å bruke opphaldsvèret pinseafta til å hesje. Seint på kveld fekk vi opp 1.hesa ved hjelp av grannar som skulle reise til syden neste dag. Takk og pris for gode hjelparar i nabolaget.
Før vi tok kveld ein gong etter midnatt, hadde vi hesja med friskt mot første strengen og 40 golv.





Neste dag starta vi tidleg. 
Fleire i alle aldrar kom for å hjelpe. 
Med mange hender gjekk det unna. Neste hes vart set opp. Slåttegrauten fortært. 
Timane gjekk og mykje gras låg att. Gjødslinga i mai var verkeleg effektiv. 
Enorme mengder gras vart sirlig lagt på streng. 
Det røyna på både hender og rygg. Skal tru om vi rekk å hesje alt før helga kjem? 
Vi hadde planar om både fjell- og kajakktur dei to neste dagane. Arbeidet gjekk vidare og vi innsåg etterkvart at noko meir enn 3 hesjer på omlag 100 golv til saman var maks for ein arbeidsdag. 
Sjølv for energiske småbønder! Kva gjer vi så med resten? 
Alternativ vart diskutert, men vi konkluderte med at vi måtte bruke neste dag og få opp i resten av graset. Nokre hjelparar takka for seg og seinare om kvelden kom ein kamerat av husbonden. 
Praten gjekk og 3.hes vart set opp. 
Då denne var ferdig kjende vi at kroppane hadde jobba heile dagen! 
Vi var slitne, men det var godt! Våre eigne hesjer på eigen gard. Ei skikkeleg godkjensle
Ei god natt søvn bøtar på det.


Svært viktige hjelparar!


Gamal teknikk vert børsta støv av og lært vekk. 





Det har vore ein utruleg kjekk og arbeidsom dag! 
Vi har prata og flira.
Både familie, vener og grannar har fått vore i lag. Eg har fleire gongar tenkt gjennom dagen på korleis dei arbeidde slik i lag før i tida. Når far min var ungdom var alle med. Sikkert ikkje like lystbetont for alle, men ein måtte for å ha fòr til dyra. 

I dag skal alt vere så effektivt. Ein vil ha meir fritid! 
Er det ikkje fritid å gjere noko anna og vere i lag? 

Tusen takk til alle som var med å hjelpe til med dette. 
Takk for positiv tilbakemelding frå bygdefolket. 
Kjekt at hesjing vart eit av samtaleemna i bygda denne dagen.
Dette ga oss nyttig erfaring for vidare gardsarbeid!

Nyt dagen, den er din!

I dag blir det padletur på gardsfolket!