mandag 17. februar 2014

Kjøkkenet

Det har vore både ei lita pause her på bloggen og med aktiviteten i Nilsgarden, men det vil ikkje seie at vi har lagt heilt på latsida sidan sist. Det er berre det at det ikkje er så interessant å verken skrive om at vi fortsatt ryddar eit beite med graner som ein gong skulle bli juletreskog eller å gjere jobben. No er ikkje eg den mest aktive i ryddearbeidet, men eg har faktisk bidrege. Husbonden meinar han ser enden i arbeidet. Og det lovar godt, men det er ikkje sikkert at vi skal gjere oss heilt ferdige denne etterjulsvinteren heller. Det kjem fleire år med rom for vedingsarbeid....

Det er ikkje tvil i at terrenget har opna seg allereie, men det er mykje att. 
Problemet er kvar skal vi lagre alt skatet? 

Elles så er planlegginga bak prosjektet viktig. Vi har laga planar for kva vi ynskjer å kome i mål med denne månaden og vi er godt i gong. Mitt hovudområde er å gjere nødvendig forarbeid for at vi skal kunne starte med sau ein gong ut på hausten. Dersom ein skal kunne søkje om støtte må ein ha organisasjonsnummer og då kan ein sende blant anna søknad om SMIL-midlar til kommuna. Det er mykje å setje seg inn i, men eg reknar med at ein blir meir dreven etterkvart. Ein må ha ein god porsjon pågangsmot og vilje når ein vil skape liv på ein gard. Ein må blant anna tørre å stille dumme spørsmål og leite etter kunnskap der den fins. Status per i dag er at garden har fått organisasjonsnummer og SMIL-søknaden ligg på landbrukskontoret for vurdering. 
Det er godt alt som er gjort! 
Og ein kjenner godkjensla av at jammen fekk ein til dette også sjølvom ein aldri hadde gjort det før.


Då litt om kva vi har gjort innomhus:

Sidan nyttår har vi rydda ut kjøkkenskap og strippa omtrent heile kjøkkenet i huset. Nydeleg blåmala tømmer har kome fram. Medan vi jobbar snakkar vi om korleis vi ein gong skal bygge dette opp slik at det blir ein koseleg heim att. Vi har mange idèar og løysingar, men vi veit at vegen blir til medan vi går i restaureringa. I gamle hus dukkar det alltid opp uforutsette ting og då må vi endre planane våre. Det er det som gjer dette prosjektet så spennande og utfordrande. 

Før og undervegs bilete:















Som du ser så er det lite som minner om vinter her på Vestlandet. 
Vi har hatt to månader med tørt og fint vèr. Reine vårstemninga!

Det hadde vore kjekt med litt skikkeleg vinter, men no når vi nærmar oss mars, så kjenner eg at det ikkje gjer noko om snøen ligg kun i fjella.

God kveld til deg!

Irma