onsdag 6. mai 2015

Vossaskifer på taket att!

Endeleg får våningshuset skifer på taket att.
Det er mykje arbeid og godt er det at husbonden har nevenyttige arbeidskarar som kan hjelpe til.
Siste veka i april starta dei og på ei veke har dei lagt heile eine sida og 1/3 av nedste delen av taket. 
All skiferen som vi tok ned frå ei løde i nærleiken er vaska og sortert. Det meste kjem til å bli brukt på huset.





Siste biletet viser at det skjer andre ting på tunet. 
Ei gravemasking har tatt til å planere rundt huset. 
Det er så kjekt og spennande!! Endeleg blir det hage.
Det er nesten slik at eg gler meg til å plukke stein :-)



Vi har fortsatt mykje arbeid att, men no ser vi endeleg at både huset og tunet blir slik vi hadde tenkt.



mandag 4. mai 2015

Første lamming

Vi rekna ut at lamminga ville starte i siste helga i april. 
Fredag 25.april fekk Frøya ei kås. Omlag 4,7 kg. 
Vi kallar lammet Ruskesara. 



29.april fekk Sota eit værlam som vi kalla Skjeggen pga det kvite skjegget under haka. 
Han vog 4,9 kg. 

Dei vaksne sauene som ikkje har fått lam endå stanga dei små i flokken. Vi skilde dei, men etterkvart fekk dei gå i lag att. Det var ei slik breking at vi måtte prøve igjen. Det har gått over all forventning så langt. No er vi snart i mål med å gi dei flåttmiddel og då er det middel mot innvollsorm som står for tur. Mykje nytt å lære for nye småbrukarar. 
Vi reknar med at fleire vil lamme, men vi tvilar på at alle ti søyene har lam. 
Dei skal få ein sjanse til neste vår. 
Vi må berre passe på å få tak i ein vèr som er meir dugande for neste sesong.


Glade sauer som kjem springande når dei ser kjentfolk!




Ynskjer alle ei god veke!