onsdag 6. mai 2015

Vossaskifer på taket att!

Endeleg får våningshuset skifer på taket att.
Det er mykje arbeid og godt er det at husbonden har nevenyttige arbeidskarar som kan hjelpe til.
Siste veka i april starta dei og på ei veke har dei lagt heile eine sida og 1/3 av nedste delen av taket. 
All skiferen som vi tok ned frå ei løde i nærleiken er vaska og sortert. Det meste kjem til å bli brukt på huset.





Siste biletet viser at det skjer andre ting på tunet. 
Ei gravemasking har tatt til å planere rundt huset. 
Det er så kjekt og spennande!! Endeleg blir det hage.
Det er nesten slik at eg gler meg til å plukke stein :-)



Vi har fortsatt mykje arbeid att, men no ser vi endeleg at både huset og tunet blir slik vi hadde tenkt.



2 kommentarer:

  1. Hei Irma! Såg huset dokkes i dag på veg fra Storfjordens Venner stemne på Hellesylt!!! Åh..kor fint det blir !!!! Har du fått Vilde hjem på sommerferie da??? Må hilse ho masse :)

    SvarSlett