mandag 23. mai 2016

Kjøkkenhyller

Eg har vore på leit ei stund etter småhyller, 
kommodar og skap til oppbevaring.

No har vi budd i Nilsgarden i snart fem månadar og 
vi ser litt kva som manglar her og der. 
Helst skal det vere noko praktisk og gjerne
at det ser ut som det alltid har stått i huset. 

Litt nytt, gamalt, moderne og slite. 
Heimen skal både minne oss om  ei tid som var og er.  



Dette er ei Ikeahylle. 
Har vore ei stund på jakt etter ei hylle til 
dei kvite krydderskålene eg har arva frå svigermor. 
Ei ny og moderne hylle til ein brun tømmervegg.
Kontrast, men det er slik eg likar det. 
Kverna frå onkel Jos (onkelen til far min), 
 foreldra mine fekk då han flytta på aldersheim.

Ei gamal skuffe har vorte hylle til kokebøkene.
Skuffa har vi tatt til sides frå ei gamal kjøkkeninnredning 
som stod i kjellaren då vi tok over garden.



Gamle ting har sjel og fortel ei historie.



 

onsdag 18. mai 2016

Status lamming

No er vi i mål med lamminga for i år. Vi har venta lenge på at den siste skulle lamme, men no ser det ut til at nr. 30 er tom.
23 nydeleg gamalnorske spælsaulam er komne mellom 11.april og 1.mai.
Alle fødslane har vore problemfrie, dvs alle er komne rett veg.
Ei søye fekk jurbetennelse i det eine juret etter tvillingfødsel. Sidan vi ikkje fekk tømd det fordi det var tett, vart det penselinkur i fire dagar og juret var ikkje til å redde. Eine lammet fekk tillegg, men etterkvart ville kåsa ikkje ha meir. Vi oppdaga at ho stjal mjølk frå andre. Ei lita spekulert dame dette. 
Ei anna søye  fekk tvillingar, 
men eine lammet var underutvikla og dødt.
Søya som fekk firlingar med ti dagars mellomrom er ei utruleg omsorgfull mor. Tredjemann i søskjenflokken får flaske då mora ikkje har nok mat.












Vårens vakraste eventyr!
No er det eit år til neste lammeeventyr.






tirsdag 17. mai 2016

Gratulerer med dagen!

Nilsgarden er pynta til 17.mai.




Dagen starta rundt kl 8.30 med litt jobb for meg. 
Resten av familien reiste vidare for å vinke til barnebarna i barnetoget i nabokommuna.
Resten av dagen har det vore tog i eiga bygd og prat med bygdefolk. Det har vore Barstad og Lynge som har stått for 17.maifeiringa i bygda. Samhald har vore flott pynta til fest. 
Sal av nydelege smørbrød og gode kaker som alle 
i bygda har bidrege med. 
Apell på trappa av ungdomskuleelvar.
Leikar for born og ungdom. Hesteskokasting og luftgeværskyting. 
Denne dagen er alle i bygda i lag. 
Vi støttar opp om feiringa på Samhald. 

Ynskjer alle ei god veke vidare.




mandag 16. mai 2016

Dagen før grunnlovsdagen

ser det slik ut innandørs.......



Ein sunnmørsbunad og ein nordlandsbunad. Tradisjonsklede.
Skjorter er strokne, Bunadar dampa og rulla over med klesrulle.
Bunadsølv, band og 17.mai-sløyfer er henta fram.
Nasjonaldagen kan kome.

Utandørs......



får sauer og lam kraftfòr. 
Seinare på dagen flytta vi alle fram til fremste beitet.
Mykje saftig gras og stiklingar venta dei.



Plomme- og kirstebærtrea i blomst.

Ein nydeleg maidag er over. 

Til lukke med
Grunnlovsdagen 
:-)











onsdag 11. mai 2016

Maigleder

Det er så godt at det har vorte grønare og grønare rundt oss.
Våren er ei fin tid,og det er så mykje ein har lyst å gjere ute.
Innearbeid står på vent og sjølv om vi har flytta inn er det forskjellig som står att innandørs.
Men motivasjonen finn vi rett og slett ute....







Her på vestlandet har det vore eit eventyrleg vèr den siste veka. Høge temperaturar har gjort sitt til at naturen har eksplodert.

Vi har grilla og arbeidd ute på tunet.
Planting og klipping.

No har sola gått ned og Yr fortel om ein vèrskifte frå i morgon.

Ynskjer deg ein god maikveld!




søndag 8. mai 2016

Gratulerer med frigjeringsdagen!

Ein dag for ettertanke.
Vi er priviligerte som bur i eit fritt velferdsamfunn.
Det har ikkje alltid vore slik.
Åra etter krigen var det mykje som skulle byggast opp att.
Lukka kjende nok kvar og ein, etter fem år med okkupasjon.

Det er akkurat lukka eg har kjent på i dag.

Lukka over livet.
Lukka over ei stor, varm familie og slekt.
Lukka over å endeleg bu på gard med dyr.
Lukka over gode og hjelpsame naboar.
Lukka over bygda vi bur i.

Lukka mi er å grave i jorda.
Lukka mi er å sjå det spirer.
Lukka mi er å småprate med hunden.
Lukka mi er å gå sauene i møte med ei raslande bøtte med kraftfòr.
Lukka mi er å leve i nuet.

Lukke for meg er prat med gode vener.
Lukke for meg er ein utfordrande jobb.
Lukke for meg er ein hektisk kvardag.
Lukke for meg er å planlegge.
Lukke for meg er kreativitet.

Livet er kontrastar. 
Livet er å leve i bølgjedalar. 
Livet er å finne balansen.


Denne helga har også lukka vore å lage eit nytt blomsterbed.


Steinane til venstre viser kvar steingarden skal gå.





Ynskjer deg ei god veke.