tirsdag 30. juli 2013

Meir inspirasjon!

I påvente av at søknaden om løyve til  å bygge på våningshuset skal godkjennast, 
reiser vi litt rundt i nærområdet for å finne inspirasjon. 

Denne søndagen var vi på Bjørke og Bakketunet. 
Kom og bli med inn på tunet:


Ein kan drøyme seg vekk i slike omgjevnadar.....














Les meir om denne fantastiske plassen her:
og



Vi har absolutt ikkje gått og tvinna tommeltottar dei siste vekene, 
men det kjem i eit anna innlegg.

Ha ein fin kveld vidare!

Irma





torsdag 4. juli 2013

Løda

Kvifor kaste når ein kan setje det vekk på løda? 

Det er veldig greit med stor lagringsplass og det har samla seg mykje opp gjennom åra. 
Det er reine skattejakta å gå laus å rydde løda. Eigentleg skulle vi ha ein roleg dag rundt bålpanna, men når lysta og energien kjem ramlande må ein berre å brette opp armane setje i gong. 

Løda har ein hems over den nye sauefjøsen og vi har klatra opp og sortert gamal material. No ligg der kun stigar og den materialen som vi kanskje kan få bruk for. Ein liten brøkdel av løda er no kosta og vi har fått stabla skattar inne i ein krok. 



Løda er ei grindløde frå 1879. Her er mykje flott arbeid. 


Her er fleire skattar som skal takast vare på:







Denne karmen av ei kjerre fekk vi av naboen. Den skal få plass i løda i påvente av å bli brukt.


Trur vi skal gå til innkjøp av støvmasker som ligg klar til neste rydde og kosteykt i løda!

Ha ein fin dag vidare!

Irma


mandag 1. juli 2013

Ein inspirerande søndag!



Vi treng litt påfyll av energi og bli inspirert av andre som driv gard på ulike måtar, 
restaurerar gamle hus og som skaper noko positivt i bygdene.

Denne søndagen gjekk turen til Vanylven og Hakkalegarden.
Hakkalegaren er ein fargerik besøksgard for både born og vaksne. 
Der er ulike typar dyr, fuglar, hesteriding, traktorturar, butikk, kunstutstilling og kafè.

Garden ligg nydeleg til med Haugsholmen og ope hav i bakgrunnen.




Ein nydeleg mur på våningshuset!



 Delar av butikken.


Oppheng for kle.


Kjellartrapp i stein.


Fargerik løde med kafè og butikk.







Nydelege alpakkaer.







Meir stein....

Du kan lese meir om garden og kike på bilete her: http://www.hakalle.no/

Nyt dagen vidare!

Irma