tirsdag 31. desember 2013

Året 2013

Det er siste dagen i året 2013 og då passer det med eit attersyn:

I februar hadde vi frost og medan vi venta på å overta garden tok vi mykje bilete og gjorde oss kjend med området rundt. I midten av februar fekk vi klarsignal om at konsesjonen var godkjent og overtakinga kunne skje. Vi var gardseigarar. 
Ein 20 års draum gjekk då i oppfylgjing!


Første tida gjekk med til å rive inntil tømmeret i huset og få oversikt over bygningar, innmark og utmark. Røykeriet vart testa ut og når det vårast planta vi rabarbra, rips, stikkelsbær og ripsbærbusker. Sidan vi skulle drenere rundt huset og leggje om ny innkøyrsle var det begrensa kva vi kunne plante. Våren og sommaren gjekk med til mykje graving og det medførte mykje mold og rot rundt på tunet. På regnversdagar arbeidde vi innomhus. 


Inni mellom blir det tid til å sy diverse til hus og heim. Nokre gamle godbitar vert kjøpt. I september får vi byggjeløyve til utbygg og renovering. Murane vart sett opp, men vi valde å utsetje snekringa til neste vår. Og med det vèret vi har hatt denne hausten er vi glad vi tok den avgjersla. Vi konsentrerte oss vidare om å få vaska takhellene og få lagra dei skikkeleg. Staurbua har sikra god lagring av hesjestaurane våra og i utmarka er det noko mindre granskog.


Vi hadde nok tenkt å få tid til å gjere enda meir, men tida strekk ikkje alltid til med fulle jobbar. No gler vi oss over alt vi har fått gjort og ser fram til mange gode arbeidsykter i 2014. 
Arbeidet på garden skal vere lystbetont og kjekt. 

Målet for 2014 er at Sunnmørsstova skal vere ferdig restaurert utvendig. 
Vi håper å ha høner til våren og sauer på beite tidleg neste haust. 
Rundt huset vil vi planere og starte å planlegge hage. Meir enn dette blir rein bonus.

Då står det att å ynskje alle lesarar 

Eit godt nytt år!

Takk så mykje for det gamle!

Stor nyttårsklem frå Irma






Romjulsveding

Husbonden har slått seg laus med motorsaga igjen. Han har rydda kratt og skog ned mot riksvegen. Mykje skat er køyrd vekk og etter at traktoren har fått nytt dieselfilter går den som ei klokke. Delar av ein flott steingard har kome fram og gamalt gjerde er tatt vekk.

FØR:



ETTER:





Det er kjekt alt som er gjort i 2013!
Eit nytt år står for døra og då passer det med eit tilbakeblikk 
på året som har gått. Følg med i neste innlegg!

Klem frå Irma






tirsdag 24. desember 2013

Julafta!

 Ingen song skildrar kjensla av at ein klar for julehøgtida betre enn:

Julekveldsvisa


Nå har vi vasket golvet og vi har børi ved,
og vi har set opp fuglebang og vi har pynte tre'.
Nå sett vi oss og hvile og puste på ei stund,
imens je rugge vogga, så bror din får en blund.



Dra krakken bortåt glaset, så sett vi oss og ser,
og prøver finne leia der julestjerna er,
den blankeste ta alle, hu er så klar og stor
- du ser a over taket der Jordmor-Matja bor.



Hun er så snill den stjerna, hu blonke', kan du sjå?
- og nå skal je fortælja og du skal høre på.
Den fyrste gong hu skinte så lage hu ei bru
imilla seg og himmel'n og ei krubbe og ei ku.



I krubba låg ein liten gutt så fresk og rein og go',
og mor hans dreiv og stelte'n og far hass sto og lo,
og gjetergutta dreomkring dom kute tel og frå
og bar med seg små lamgonger som gutten skulle få.



Og tel og med tre vise menn - dom rei i flere da'r
og ingen visste vegen og itte 'hen det bar,
men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå
så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.




Ja, det var fyrste gongen som julestjerna brann,
men sia har a brønni i alle verdens land
og såmmå å som hender er stjerna like stor
- du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.


GOD JUL TIL ALLE KJENTE OG KJÆRE BLOGGLESARAR!

Julehelsing frå Irma

søndag 8. desember 2013

Eksamen og julegrantenning


Kultur i møte med natur!
Eksamen i kunst og handverk! Mitt forslag.


Andre søndag i advent er det juleverkstad, middag og julegrantenning i bygda vår. 
Ein god tradisjon der unge og eldre treffast.



Korpset gir oss oss julestemning og 
i år vi så heldige at vèret var på vår side.



God adventstid vidare!

Klem Irma



søndag 1. desember 2013

Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna
der barn og blomar gror.
Må alle dele vona
at gode ting vil skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tent for det.

(Eivind  Skeide)
 

 Endeleg adventstid!

Nyt den :-)

Irma