tirsdag 31. desember 2013

Året 2013

Det er siste dagen i året 2013 og då passer det med eit attersyn:

I februar hadde vi frost og medan vi venta på å overta garden tok vi mykje bilete og gjorde oss kjend med området rundt. I midten av februar fekk vi klarsignal om at konsesjonen var godkjent og overtakinga kunne skje. Vi var gardseigarar. 
Ein 20 års draum gjekk då i oppfylgjing!


Første tida gjekk med til å rive inntil tømmeret i huset og få oversikt over bygningar, innmark og utmark. Røykeriet vart testa ut og når det vårast planta vi rabarbra, rips, stikkelsbær og ripsbærbusker. Sidan vi skulle drenere rundt huset og leggje om ny innkøyrsle var det begrensa kva vi kunne plante. Våren og sommaren gjekk med til mykje graving og det medførte mykje mold og rot rundt på tunet. På regnversdagar arbeidde vi innomhus. 


Inni mellom blir det tid til å sy diverse til hus og heim. Nokre gamle godbitar vert kjøpt. I september får vi byggjeløyve til utbygg og renovering. Murane vart sett opp, men vi valde å utsetje snekringa til neste vår. Og med det vèret vi har hatt denne hausten er vi glad vi tok den avgjersla. Vi konsentrerte oss vidare om å få vaska takhellene og få lagra dei skikkeleg. Staurbua har sikra god lagring av hesjestaurane våra og i utmarka er det noko mindre granskog.


Vi hadde nok tenkt å få tid til å gjere enda meir, men tida strekk ikkje alltid til med fulle jobbar. No gler vi oss over alt vi har fått gjort og ser fram til mange gode arbeidsykter i 2014. 
Arbeidet på garden skal vere lystbetont og kjekt. 

Målet for 2014 er at Sunnmørsstova skal vere ferdig restaurert utvendig. 
Vi håper å ha høner til våren og sauer på beite tidleg neste haust. 
Rundt huset vil vi planere og starte å planlegge hage. Meir enn dette blir rein bonus.

Då står det att å ynskje alle lesarar 

Eit godt nytt år!

Takk så mykje for det gamle!

Stor nyttårsklem frå Irma






10 kommentarer:

  1. Det er artig å følge bloggen din Irma, og det er litt av en jobb dere har tatt på dere. Men flott blir det, det er jeg helt sikker på. Lykke til med både dyr og bygninger i 2014.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Hilde! Vi har ikkje akkurat fritidsproblem i åra framover. Gode ynskjer for det nye året til deg :-) Klem Irma

      Slett
  2. Svar
    1. Ja, eg trur 2014 blir eit spennande år i Nilsgarden :-) Gode ynskjer for det nye året! Klem Irma

      Slett
  3. Jærhøns er rasen for deg, det er den siste norske hønserasen.
    Kykkeliky frå steinholen.

    SvarSlett
  4. Godt nyttår!!
    Er det ikke kjekt vel med småbruk?:) Dere har vært gode og fått gjort mye i løpet av året. Det blir kjekt når våren nærmer seg igjen og drømmene kan settes ut i livet. Blir spennende å høre om dere skaffer dere høns. Vi har også hatt lyst på det, men det blir visst bare med drømmen - foreløpig:)
    Takk for alltid så fine ord hos meg. Ser frem til å følge deg videre i 2014.

    Klem fra Hjørdis

    SvarSlett
    Svar
    1. Småbruke er tingen! Det er godt med litt luft rundt seg :-) Vi går eit spennande år i møte. Det blir nok store forandringar på både hus og anna dette året. Det er godt eg har fine bloggar som gir mykje inspirasjon:-) Takk! Irma

      Slett
  5. Innimellom følger jeg spor av besøk. I dag kom jeg hit. Dette vil jeg følge med på. Mer bygging, oppussing og røyking av fisk.

    SvarSlett
  6. Kjekt dviu l følgje prosjektet vårt, Åshild :-) Du er velkomen! Irma

    SvarSlett