søndag 26. juni 2016

Ein lukkeleg dreng

som hadde omtrent alt gardsutstyret klart til slåtten. 
Det siste som er kome på plass i tunet er ein høyvendar. 
Den kom godt med i slåtten i lag med ein sidevendar.




Ynskjer deg ein god søndagskveld!


KLEM IRMA


mandag 20. juni 2016

Ein liten sommarfest for gode naboar

 Søndag ettermiddag var små og store naboar samla i Nilsgarden.
Nokre var forhindra å kome, men på andre forsøket greidde vi å samle naboar frå fleirtalet av dei sju husa på Melbøen.
Sola skein, men ein kald nordavind gjorde til at vi satt inne. 
Kjekt å møtast slik og dele kvardagstankar.
Kvardagane går så fort og det blir altfor for lita tid til å ha kontakt med dei nærmaste naboane rundt oss. 





Ein nabo har eg, to og tre,
ja faktisk enda fleire med!

Nokon ser kvar steg eg går,
tek nummer på kvar bil som står
i vegen for at dei får sjå
mitt ugras som i fred får stå.
Men heilt ok og greit for meg,
ein tjuv ville nok angra seg!

Ein nabo har ein utestamp,
ein annan har ein liten ramp...
Så er det ein som vaskar bil,
mens andre heller tek ein kvil
og gløymer setja fram sitt boss,
nei oops, det var visst jammen oss...

Og ned ei trapp og inn ei dør
sitt naboar med godt humør,
som me er veldig glade i,
dei stiller opp når dei har tid!
trass varsel kort, dei sjeldan grin,
så: kan de passa vår kanin???

Kristin S. Audestad



Er det lenge sidan du snakka med naboane dine?
Send ein invitasjon i dag. 
Ein treng ikkje stresse rundt 
og ta det så høgtidleg om ein inviterer på kaffi.



Ynskjer deg ei fin juniveke.



.

søndag 19. juni 2016

Eit bruktfunn.....

som eg har vore på utkik etter lenge. Veldig lenge faktisk.

Eit dekketøyskap!





Det passa akkurat der eg hadde tenkt det skulle stå på kjøkkenet.
Det er så kjekt når ein finn slike fine skattar.






lørdag 18. juni 2016

På tur med beitesaks og sag

Fjorden langt der nede. Kratt og renningar er klipt vekk.


 Fossen frå Ædhaugen. Ein nydeleg sommardag.


Vi skimtar Molladalstindane. 
Vi sjekkar kjettingen om den er trygg og korleis den må forlengast.


Molladalen mot Molladalsskaret og vatnet.
Mykje snø vi fjella enda.


Ein flott dag for dugnadsarbeid.

Ynskjer alle ein roleg laurdagskveld.






tirsdag 7. juni 2016

Sommarvarme

Vi har dyrka utelivet sidan siste innlegg. 
Det har vore strålande sol og temperaturar rundt 20 grader. Det har vore heilt fantastisk. Bålpanna har vore flittig i bruk og det har vore eit aktivt uteliv i hage og tun. Vi har planta, klipt og luka. Rhododendron, plomme- og kirsebærtrea blomstrar. 

*

Vi har opna padlesesongen i finevèret! 
På grunn av husbygging i fjor vart det lite padling, men
i år har vi fleire turar vi ynskjer å gjennomføre. 

*

Kyllingane er 3,5 veker. Dei fekk ny hønsegard i fjøsen i helga. 
No har dei god plass i påvente av utandørs hønsegard.


*


I tillegg har hunden vår Lerke fått seks nydelege kvalpar. Ho passar på dei som berre ei mor kan gjere. Sleiking og snusing. 
Ho har knapt tid til å gå ut i nødvendige ærend. Ho har fått det framtidige badet som kvalperom og der har dei det roleg og godt. 
Kvalpane er no 11 dagar. Dei veks og ser sunne og friske ut. 
Alle har nye heimar å flytte til om 6,5 veker.  





*

Sauene og lamma har gått nokre veker fram i Nilsøyane. Etter ei veke tok vi dei ned til garden att for å klippe dei. Det var ein varm dag å gjere slikt arbeid, men det verka som sauene syns det var godt å få av seg vinterulla. Alle tretten søyene vart klipt på ein dag. Det kunne vi kjenne i kroppen dagen etter...... Lamma veks og trivs. Vi vog flaskelammet berre for å sjå om det er tid for avvenning og då viste vekta 17,5 kg. Det nærmar seg snart fjellbeiteslepp.






*

Ynskjer alle ein fin sommardag!