mandag 20. juni 2016

Ein liten sommarfest for gode naboar

 Søndag ettermiddag var små og store naboar samla i Nilsgarden.
Nokre var forhindra å kome, men på andre forsøket greidde vi å samle naboar frå fleirtalet av dei sju husa på Melbøen.
Sola skein, men ein kald nordavind gjorde til at vi satt inne. 
Kjekt å møtast slik og dele kvardagstankar.
Kvardagane går så fort og det blir altfor for lita tid til å ha kontakt med dei nærmaste naboane rundt oss. 





Ein nabo har eg, to og tre,
ja faktisk enda fleire med!

Nokon ser kvar steg eg går,
tek nummer på kvar bil som står
i vegen for at dei får sjå
mitt ugras som i fred får stå.
Men heilt ok og greit for meg,
ein tjuv ville nok angra seg!

Ein nabo har ein utestamp,
ein annan har ein liten ramp...
Så er det ein som vaskar bil,
mens andre heller tek ein kvil
og gløymer setja fram sitt boss,
nei oops, det var visst jammen oss...

Og ned ei trapp og inn ei dør
sitt naboar med godt humør,
som me er veldig glade i,
dei stiller opp når dei har tid!
trass varsel kort, dei sjeldan grin,
så: kan de passa vår kanin???

Kristin S. Audestad



Er det lenge sidan du snakka med naboane dine?
Send ein invitasjon i dag. 
Ein treng ikkje stresse rundt 
og ta det så høgtidleg om ein inviterer på kaffi.



Ynskjer deg ei fin juniveke.



.

2 kommentarer:

  1. Vi inviterte de nærmeste naboene da vi var relativt nyinnflyttet her. Regnet ikke med at alle ville prioritere formiddagskaffe en solstrålende januarsøndag, men det ble trangt i spisestua. Det var veldig hyggelig, og du har minnet meg på at det bør gjentas.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å høyre Åshild. Ein må ta kontakt om ein vil ha kontakt. Vi er så heldige som har gode og positive naboar som gjerne gir ei hjelpande hand. Ynskjer deg ein fin sommarkveld.

      Slett