onsdag 23. desember 2015

Juletreet

Kvelden, før kvelden, før kvelden rydda vi ei krå i stova for å pynte juletreet.
Juletonar frå Ingebjørg Brattland.




Ei juleklokke frå Edinburgh, ein nisse frå barndomsheimen, ein glitterkongle laga av borna og ei julekorg frå ein kjær venn frå ungdomsåra. Mange minner og gode assosiasjonar.

Hugs at jula kjem uansett om du ikkje fekk gjort alt du hadde tenkt. 


Ein av mine favorittjulesongar er Nordnorsk julesalme av Trygve Hoff.

Velsigna du dag over fjordan,
veldigna du lys over land.
Velsigna de evige ordan
om håp og ei utstrakt hand.
Verg dette lille du gav oss,
den dagen Du fløtta oss hit.
Så vi kjenne Du aldri vil
la oss forkomme i armod og slit.

Vi levde med hua i handa,
men hadde så sterk ei tru.
Og ett har vi visseleg sanna:
vi e hardhausa vi som Du.
Nu har vi den hardaste ria,
vi slit med å kave oss frem 
mot lyset og adventsti`a,
d`e langt sør tel Betlehem.

Guds fred over fjellet og åsen,
la det gro der vi bygge og bor.
Guds fred over dyran på båsen
og ei frossen og karrig jord.
Du ser oss i mørketidslandet,
du signe med evige ord,
husan og fjellet og vannet,
og folket som levde her nord.





tirsdag 22. desember 2015

God julehøgtid

Carola syng "Jul, jul, strålande jul". 
Det er godt vi har jula å gle oss til i mørketida.

Lys i vindu og stjerner. 
Forventning og glede over mange gode dagar i lag med familie og vener. 

Vi er heldige.


Vi har hatt ein ekstra hektisk haust med sal av hus, flytting til leigd, midlertidig hus i nabolaget og innspurt i Nilsgarden. Det har likevel vore godt å kunne krysse ut for ferdige gjeremål 
og ha enda meir fokus på å snekre og male. 
Jula kom likevel nokre veker for tidleg for å kunne rekke å flytte inn til jul. 


Snekkarar har gjort ferdig huset utvendig med listing, beslag, takrenner og hjørnebord.
Det er godt at alt er tett og ein kan gå vinterstormar og regn trygt i møte.


Vi syns at inngangspartiet måtte ha ei gran med lys i adventstida. 
Fann ei skeiv og sjarmerande Berbergran på eit lokalt hagesenter. 
Eit gåvekort frå foreldre og sysken til sølvbryllaupsdagen vi markerte tidlegare i haust. 

Julestemninga kom sigande når God jul-nissen som Vilde laga på ungdomsskulen vart tatt fram. 
Om ikkje huset er ferdig inne, så pyntar vi ute!


Det er lys i vindauga. Elektrikar og rørleggar har fiksa både lys i alle rom 
og varmt og kaldt vatn i kranene. Reine luksusen etter år med lausledningar og arbeidslampar.





I dag er det første feriedag. Det er tid for å rydde, vaske litt og pakke inn dei siste julegåvene. Juletreet skal høggast i Remegarden og pyntast i stova i Nilsgarden. 
Julafta blir feira i lag med dei aller nærmaste i Volda. Vi gler oss til å vere i lag med barnebarn, svigerbarn og barn. Jula er heilt spesiell for dei aller minste. Dei strålar av forventning og glede. 1.juledag er det familieselskap på Remen med heile storfamilien. 

Vi ser fram til nokre rolege juledagar der batteria skal laddast. 
I romjula skal vi ta innspurten på malearbeidet, vaske dei romma som er ferdige. 
Det som ikkje er ferdig er montering av varmekablar i gang, bod, toalett, bad og vaskerom. Flislegging og det som høyrer med i eit våtrom. 
Vi reknar med at vi treng januar for å bli heilt ferdig. 



Vi tenner eit lys for håp og glede!

Og ynskjer alle lesarar, vener, slekt og familie
ei god julehøgtid!

Varme klemmar frå
Frode og Irma



fredag 10. juli 2015

Innlagt straum!

Endeleg har vi fått innlagt straum i huset! Ein milepæl! 
Tidlegare har vi tatt straum frå løda. 
Straumen er no lagt i jordkabel frå ein ny stolpe ved
innkøyrsla til garden. 
Sikringsskapet er kome opp, men kun nokre få kursar er lagt inn føreløpig.
Små gleder og framsteg :-)

Elles har vi denne veka pussa og sparkla tømerveggar på kjøkken, i stove og gang. Husbonden har lagt ny panel i mellomgangen. 
Bilete er frå gangen:


Ikkje lett å føye saman ny panel med gamalt tømmer, men eg syns snekkaren har greit seg godt! 



Det har vore ein del nedbør denne veka, 
men innimellom bygene har husbonden fått på lister rundt vindauga ute. Knektar oppe og nede er bestilt! Det skjer, det skjer!!
Bilete at det kjem i eit seinare innlegg.

God helg!





onsdag 1. juli 2015

Teglsteinspipe






Etter ein hektisk vår på jobb er det endeleg ferietid. 
Fleire veker der vi kan bruke heile dagar akkurat slik vi vil. 
Dette har vi sett fram til lenge. 

Etter ei langhelg på Austlandet, der vi fekk ein forsmak på sol og varme, er vi no klare for gode arbeidsykter på garden. Vi har arbeidd jamnt og trutt heile våren. Mykje arbeid på utvendig tak, litt hage og litt innvendig arbeid med straum, rør og oppdeling av rom. Når ein arbeidar litt her og der er det vanskeleg å blogge. Det er kjekkast å ta bilete og skrive om ferdige prosjekt og vise sluttresultat. 

Parallelt med restaurering må sauene og lamma få stell og pleie. Bytte av beiter, klipping og nødvendig medisinering må til. 

I dag viser eg eit sluttprosjekt. Vi har ei teglsteinspipe i gangen. Denne har vore dekt av murpuss. Denne er no banka av. Har vidare brukt stålbørste og pussemaskin for å få fram den fine raude steinen. Tidlegare var denne gangen kjøkken. To bueininga var det i denne tømmerstova. Holet til røret frå ovnen viser enda. Ein gamal bakarovn var plassert her kan den tidlegare eigaren fortelje.







Ynskjer deg ein fin feriedag vidare!







onsdag 6. mai 2015

Vossaskifer på taket att!

Endeleg får våningshuset skifer på taket att.
Det er mykje arbeid og godt er det at husbonden har nevenyttige arbeidskarar som kan hjelpe til.
Siste veka i april starta dei og på ei veke har dei lagt heile eine sida og 1/3 av nedste delen av taket. 
All skiferen som vi tok ned frå ei løde i nærleiken er vaska og sortert. Det meste kjem til å bli brukt på huset.





Siste biletet viser at det skjer andre ting på tunet. 
Ei gravemasking har tatt til å planere rundt huset. 
Det er så kjekt og spennande!! Endeleg blir det hage.
Det er nesten slik at eg gler meg til å plukke stein :-)



Vi har fortsatt mykje arbeid att, men no ser vi endeleg at både huset og tunet blir slik vi hadde tenkt.



mandag 4. mai 2015

Første lamming

Vi rekna ut at lamminga ville starte i siste helga i april. 
Fredag 25.april fekk Frøya ei kås. Omlag 4,7 kg. 
Vi kallar lammet Ruskesara. 



29.april fekk Sota eit værlam som vi kalla Skjeggen pga det kvite skjegget under haka. 
Han vog 4,9 kg. 

Dei vaksne sauene som ikkje har fått lam endå stanga dei små i flokken. Vi skilde dei, men etterkvart fekk dei gå i lag att. Det var ei slik breking at vi måtte prøve igjen. Det har gått over all forventning så langt. No er vi snart i mål med å gi dei flåttmiddel og då er det middel mot innvollsorm som står for tur. Mykje nytt å lære for nye småbrukarar. 
Vi reknar med at fleire vil lamme, men vi tvilar på at alle ti søyene har lam. 
Dei skal få ein sjanse til neste vår. 
Vi må berre passe på å få tak i ein vèr som er meir dugande for neste sesong.


Glade sauer som kjem springande når dei ser kjentfolk!




Ynskjer alle ei god veke!



onsdag 1. april 2015

Deling av rom og isolering

Alle rom på loftet og i hovudetasjen er no delt.
Straumen er omtrent lagt ferdig med kontakter, brytarar, lys- og spotlightpunkt.
Vassrør på kjøkken og vaskerom er klart. Bad og toalett står att.



Loftet er ferdig isolert. 
Husbonden er i gang med å feste fuktsperre på ytterveggane.

No er det påskeferie med fleire fridagar og det passar godt.




søndag 29. mars 2015

Å bøte tømmer...

Vi har skifta vindu i huset som liknar orginalvindua. 
På kjøkkenet og i stova vart det då eit "sår" mellom dei nye vindua. 

Husbonden har sett inn panel som vi har plukka ned frå eit anna rom.
Slik vart det:



Her blir det breie vinduskarmar og breide lister rundt vindua.

Pussing og sparkling står for tur.



lørdag 28. mars 2015

og året som gjekk del 2......

Vekene frå nyttår har gått utruleg fort. 
No er det påske og fridagar skal nytast :-)

Det er på tide at tilbakeblikket i 2014 vert fullført, 
slik at det blir plass til oppdateringar frå 2015!

Juli


Huset fekk nytt tak!


I ein vegg fann vi eit eksemplar av Barstadviksongen frå 1917.

August


Steingarden veks!


Kvalpane tek til å nærme seg 8 veker 
og skal snart reise til dei nye heimane sine!

September


Alt tømmeret blir isolert frå utsida.

Oktober


Huset er pakka inn i duk.

November


Vindu og bordkledning.


Ti gamalnorsk spæl kom til gards.

Desember


Så langt kom vi dette året.








tirsdag 6. januar 2015

Året som gjekk....

Januar


Vi riv veggar og kjem inn til tømmeret.

Mars


Den gamle sauefjøsen får nytt golv.


Hønsehuset vart rydda og det vart plass til plantebord m.m.


Rydding av beite. Grantre i lange baner. 
Ny traktorhengar kom til gards.

April


Vi riv bordkledning.


Sol og påskestemning på tunet.

Mai


Gjødsling i nysnø.



Vi flytter alle møblane ut av huset.



Det skal bli nytt tak!

Juni


Nytt tak.


Hesjing


Høyet skal inn.

Så var halve året gått!