søndag 23. juni 2013

Stova

Vi fann, vi fann!

På visning såg stova slik ut.





Bak fleire lag med tapet, papp og plater dukka dette flotte tømmeret opp.
Nokre tømmerveggar er måla og andre har naturleg patina. 


Døra til høgre for ovnen fann vi inne i veggen. Den går inn i eit kleskap i gangen.
Syns fargen på det måla tømmeret er stilig. 




Her har det vore eit vindu. Dette skal vi setje inn att.


Nydeleg farge og patina.
Det står att å rive pappen mellom bjelkane i taket. 
Eg har starta med å ta ut spikarar frå tømmeret. Det er ein nøysommeleg jobb. 
Bjelkelaget i golvet skal skiftast. Isolasjon mellom golv- og takbjelkar....

I dag er det dugnad på ungdomshuset med sal av rjømegraut og kaker!
God jonsokfeiring til alle!

Irma



tirsdag 18. juni 2013

Meir graving

Drenering rundt utbygget som skal bli kjøkken og vaskerom.


Og inngangsparti.




Oppsamlingskumme utanfor kjellardøra.


Drenering på nedsida av huset må til.


Det var ein gong ein fin og nyklipt hage.....




Her gjeld det å ikkje miste motet. Det er vel slik at det blir verre før det blir betre!

Etter dagar med sol, regn og graving ser det slik ut 16.juni:








I blomsterkrukkene er det fargerikt og frodigt!



I dag har eg klipt den delen av plenen som ikkje er dekt av moldhaugar. 
Det er ei fryd å arbeide ute i finevèret. Eg har trilla x-antal trillebårlass med singel som
ligg att etter det som er tippa på plenen. Hadde nok vore lurt å lagt presening under....

Det har vore ein del utearbeid dei siste vekene, men på regnvèrsdagane har husbonden kosa seg med rivingsarbeid på loft og i kjøkken. Mykje fin tømmer har kome fram i lyset. 

Gler meg til å vise dykk!

Ha ei fin veke vidare!

Irma


søndag 9. juni 2013

Gardshund

Vi har ein nydeleg eurasier som elskar å vere på garden. 
Ho spring rundt, snusar og vasser i ei lita elv som renn i utmarksbeite.


Når vi er ute med traktoren og jobbar ligg ho og observerer.


Veldig kjekt med moldhaugar. Har full oversikt her!


Ein gardshund må vere verdens lykkelegaste hund.....



mandag 3. juni 2013

Røykeriet

Den tidlegare eigaren dreiv mykje med å røyke laks. 
Røykeriet står fortsatt og husbonden vart freista til å prøve.
Både kona til den tidlegare eigaren og svigers vart spurt om råd.


Salting etter hemmeleg oppskrift.



Eine frå eigen teig fram på sætra og mask frå veding.


Her ligg laksen til tørking med vifte.


Røykinga er over og laksen vart vakuumpakka.


Smaken var nydeleg! Fleire naboar har fått smake.
Dette ga meirsmak!

Planen er å flytte røykeriet ein annan stad på garden.... 
for konklusjonen etter denne testinga er at garden må ha eit røykeri.

Nyt dagen vidare!

Irma



søndag 2. juni 2013

Ny innkøyrsle

Denne veka har vèret vore nydeleg! 
Sol og varme fleire dagar i strekk er ikkje vanleg for ein frå nordvestlandet. Plenen rundt huset er slått, omlag 1,5 mål! Det vart utruleg fint. Vi har grilla og kosa oss ute fleire dagar etter jobb. 
Spenninga har vore stor om kravemaskina vi var lova kom som avtalt. Vi har merka opp ny innkøyrsle og biloppstillingsplass inne på turnet. 





 På neste bilete ser du stolpen som står midt i innkøyrsla. 
Avtalen er at kraftselskapet skal flytte den når gravemaskina kjem.


Gravemaskina kom som avtalt. Hurra!! Kraftselskapet flytta stolpen som avtalt.
Her går det som smurt.
Dag 1:



Dag 2:





Dag 3:





Dag 4: 
Etter fire dagar med graving i strålande sol kom regnet. 
Bileta vart tatt laurdag og då regna det kraftig.




Vegen skal ha eit gruslag som toppdekke. Overskotsmasse skal vi bruke til å fylle ut i skråningar etter att vi har fått rydda vekk store røter av orkanskadd skog.


Her er det klart for støyping av utbygg. 
Neste veke vert det meir graving rundt huset for å legge ned drensrøyr. 

Denne veka har vi rydda og fjerna mykje rusk frå rivingsarbeid inne i huset. 
Meir om dette i eit seinare innlegg. 

Ha ein strålande dag vidare!