tirsdag 18. juni 2013

Meir graving

Drenering rundt utbygget som skal bli kjøkken og vaskerom.


Og inngangsparti.




Oppsamlingskumme utanfor kjellardøra.


Drenering på nedsida av huset må til.


Det var ein gong ein fin og nyklipt hage.....




Her gjeld det å ikkje miste motet. Det er vel slik at det blir verre før det blir betre!

Etter dagar med sol, regn og graving ser det slik ut 16.juni:








I blomsterkrukkene er det fargerikt og frodigt!



I dag har eg klipt den delen av plenen som ikkje er dekt av moldhaugar. 
Det er ei fryd å arbeide ute i finevèret. Eg har trilla x-antal trillebårlass med singel som
ligg att etter det som er tippa på plenen. Hadde nok vore lurt å lagt presening under....

Det har vore ein del utearbeid dei siste vekene, men på regnvèrsdagane har husbonden kosa seg med rivingsarbeid på loft og i kjøkken. Mykje fin tømmer har kome fram i lyset. 

Gler meg til å vise dykk!

Ha ei fin veke vidare!

Irma


4 kommentarer:

  1. Svar
    1. Takk, Wenche! Det blir nok kjekkare når vi skal lage hage og starte med oppbygginga inne, men det vi gjer no ute er viktig for eit godt resultat. Må innrømme at eg tenkjer mykje på malingsfargar m.m. Ha ei god jonsokhelg :-) Klem Irma

      Slett
  2. Du for en jobb dere har! Men så kjekt med disse bildene i minne når alt står der ferdig og flott. For det er jeg ikke i tvil om at det blir riktig så koselig. Dere er langt på vei:)

    Ønsker deg en fin helg! Og takk for gode ord hos meg.

    Klem fra Hjørdis

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for koseleg tilbakemelding Hjørdis! Eg må innrømme at eg gler meg verkeleg til å anlegge hage og arbeide med interiør inne. Men det går framover :-) Min jobb er å slå plenen som er att og planlegge bærhage. Det skal bli litt planting i år også :-) Ha ei fin jonsokhelg! Klem frå Irma

      Slett