onsdag 23. desember 2015

Juletreet

Kvelden, før kvelden, før kvelden rydda vi ei krå i stova for å pynte juletreet.
Juletonar frå Ingebjørg Brattland.




Ei juleklokke frå Edinburgh, ein nisse frå barndomsheimen, ein glitterkongle laga av borna og ei julekorg frå ein kjær venn frå ungdomsåra. Mange minner og gode assosiasjonar.

Hugs at jula kjem uansett om du ikkje fekk gjort alt du hadde tenkt. 


Ein av mine favorittjulesongar er Nordnorsk julesalme av Trygve Hoff.

Velsigna du dag over fjordan,
veldigna du lys over land.
Velsigna de evige ordan
om håp og ei utstrakt hand.
Verg dette lille du gav oss,
den dagen Du fløtta oss hit.
Så vi kjenne Du aldri vil
la oss forkomme i armod og slit.

Vi levde med hua i handa,
men hadde så sterk ei tru.
Og ett har vi visseleg sanna:
vi e hardhausa vi som Du.
Nu har vi den hardaste ria,
vi slit med å kave oss frem 
mot lyset og adventsti`a,
d`e langt sør tel Betlehem.

Guds fred over fjellet og åsen,
la det gro der vi bygge og bor.
Guds fred over dyran på båsen
og ei frossen og karrig jord.
Du ser oss i mørketidslandet,
du signe med evige ord,
husan og fjellet og vannet,
og folket som levde her nord.





tirsdag 22. desember 2015

God julehøgtid

Carola syng "Jul, jul, strålande jul". 
Det er godt vi har jula å gle oss til i mørketida.

Lys i vindu og stjerner. 
Forventning og glede over mange gode dagar i lag med familie og vener. 

Vi er heldige.


Vi har hatt ein ekstra hektisk haust med sal av hus, flytting til leigd, midlertidig hus i nabolaget og innspurt i Nilsgarden. Det har likevel vore godt å kunne krysse ut for ferdige gjeremål 
og ha enda meir fokus på å snekre og male. 
Jula kom likevel nokre veker for tidleg for å kunne rekke å flytte inn til jul. 


Snekkarar har gjort ferdig huset utvendig med listing, beslag, takrenner og hjørnebord.
Det er godt at alt er tett og ein kan gå vinterstormar og regn trygt i møte.


Vi syns at inngangspartiet måtte ha ei gran med lys i adventstida. 
Fann ei skeiv og sjarmerande Berbergran på eit lokalt hagesenter. 
Eit gåvekort frå foreldre og sysken til sølvbryllaupsdagen vi markerte tidlegare i haust. 

Julestemninga kom sigande når God jul-nissen som Vilde laga på ungdomsskulen vart tatt fram. 
Om ikkje huset er ferdig inne, så pyntar vi ute!


Det er lys i vindauga. Elektrikar og rørleggar har fiksa både lys i alle rom 
og varmt og kaldt vatn i kranene. Reine luksusen etter år med lausledningar og arbeidslampar.





I dag er det første feriedag. Det er tid for å rydde, vaske litt og pakke inn dei siste julegåvene. Juletreet skal høggast i Remegarden og pyntast i stova i Nilsgarden. 
Julafta blir feira i lag med dei aller nærmaste i Volda. Vi gler oss til å vere i lag med barnebarn, svigerbarn og barn. Jula er heilt spesiell for dei aller minste. Dei strålar av forventning og glede. 1.juledag er det familieselskap på Remen med heile storfamilien. 

Vi ser fram til nokre rolege juledagar der batteria skal laddast. 
I romjula skal vi ta innspurten på malearbeidet, vaske dei romma som er ferdige. 
Det som ikkje er ferdig er montering av varmekablar i gang, bod, toalett, bad og vaskerom. Flislegging og det som høyrer med i eit våtrom. 
Vi reknar med at vi treng januar for å bli heilt ferdig. 



Vi tenner eit lys for håp og glede!

Og ynskjer alle lesarar, vener, slekt og familie
ei god julehøgtid!

Varme klemmar frå
Frode og Irma