torsdag 31. mars 2016

Vi ventar på sola

og onsdag 23.mars var ho framme.
Dagen starta eg på jobb, men når sola skein frå blå himmel, 
var det berre å pakke saman, reise heim og nyte dagen. 
I ettertid ser eg at det var lurt for det vart med denne dagen. 
Dagen brukte vi på gardstunet. 
Raking, rydding og klargjering av fundament til leikarhytta 
og hønsehus.


Rabarbraen spirer så vidt. 
La på litt blomsterjord blanda med kugjødselkompost. 
Det må gjere susen i starten på vekstsesongen.



Bringebær, rips og solbærbuskene er klipte. 
Plommetreet står for tur.
Denne dagen var første dagen vi kunne sitje ute. Det vart både pinnekjøtmiddag og påskegodteri.




Endeleg etter veker med sludd og regn kan sauene nyte sola. 
Tørr ull er nok mykje betre å bere på enn våt. 
Vi fòra dei ute på beitet denne dagen.
Det er kun ein liten månad til dei første tek til å lambe. Det ser vi veldig fram til. 
I fjor var det berre tre søyer som lamba. 
I år ser det ut som fleire er klar.
Når vi snart bikkar over til april står snyltarkur 
og litt klipping for tur.
I dag, 31.mars har vi hatt første erleria. 
Det er første snøen etter erla syng.



søndag 27. mars 2016

Besøk av

hjort. 
Det spirer og gror i hagen og på innmarka. 
Då kjem hjorten, sjølv om vi har sauer på beite.
Tidleg ein morgon såg vi to hjortar som beita fredeleg nedom huset.




Fantastisk flotte dyr. Ei oppleving å følgje med dei. 
Ikkje så kjekt når det et av hagebuskar, 
men sidan vi ikkje har planta så mykje enda så er det 
kun dei nye spirane av gras dei et på.

Ynskjer deg ein god første påskedag.



søndag 20. mars 2016

Ruging i Nilsgarden



I går var vi til Eide i lag med vener og henta egg for ruging. 
Då vi kom heim, desinfiserte vi egga og la dei i rugemaskina. 
Der skal dei ligge i 18 dagar. Maskina snur egga automatisk
nokre gongar i timen, medan temperaturen ligg på omlag 37,6 grader. 
Etter dette skal vendesystemet takast ut 
og ein skal tilføre fuktigheit dei tre siste dagane før klekking.




Dersom alle sortane får sjå dagens lys vert det ein fargerik flokk.
Vi har egg av silkehøne, maran, skånsk blomme mix, creem legbar 
og ein mix mellom creem legbar og isbar.

Ynskjer deg ein god palmesøndag!



tirsdag 8. mars 2016

Namnet Melbøen


I desse vegnamntider i bygda blir ein ekstra interessert i kvar namna kjem frå. 
Namn gir bygdefolket identitet og for mange så betyr dei lokale namna mykje. Tilknytting kjenner ein til teigar og beiterettar. Dette er gamal kunnskap som vi må halde ved like.

Namnet Melbø på gardsnr 91, kjem av den gamle forma Medalbør, som i følgje Vartdalssoga tyder mellom-bøen eller mellomgarden. Han låg mellom dei andre gardane Barstad, Lynge og Romestrand som ringa Melbøen inne.

Både på 1500- og 1600-talet var garden krongods. Dvs at den var eigd av kongen. I Matrikkelverket frå 1723 står det at det var lett å drive med høyavling og ein viss kornal. Ein kunne fø 2 hestar, 14 kyr, 6 ungdyr, 14 sauer og 9 geiter. 
Garden hadde også eit kvernhus.

I 1872-73 skjedde det ei utskifting på innmarka her i Barstadvik. Fleire gardar vart råka. Grensa mellom Melbø og Romestrand vart regulert. Resultatet vart at Pegarden måtte flytte husa sine til nye tomter. Endregarden måtte flytte smia si. Pegarden var seinare kalla Nilsgarden bruknr. 1. Og det er her vi bur no.






søndag 6. mars 2016

Vi ventar på


våren og påska!

Det har vore ei ganske fin helg på nordvestlandet.
Hagemøblane har komt ut og vi er klar for dagar med sol.





Eg har planta litt lyng og påskeliljer, 
men dei er ikkje komne så langt.
Inntil vidare kan vi gle oss over bilete frå tidlegare år.

Ynskjer deg ei fin veke.