søndag 31. januar 2016

lørdag 30. januar 2016

Stova i januar

Dei siste kassene er komne i hus og det er meir som eit kaos.
Korleis finne plass til alt? Treng vi alt? 
Kvar skal vi ha det vi kanskje treng ein gong i framtida?

Nokre ryddige krokar:


Denne gyngestolen er eit arvestykke frå Nord-Norge. 
Mor mi kan minnast at oldefaren min satt i denne 
ved ovnen på kjøkkenet sitt. 
Den fekk han i bytte mot fisk. 



Alle treng ein engel som passar på. Ei kjær gåve frå døtra mi.
Stolen stod i Nilsgarden då vi tok over. 
Han er fortsatt god å sitje i.


Ei Singermaskin kjøpt på bruktmarked for mange år sidan.
Nåleputa er frå mamma sitt syskrin.

******

Snart er januar over og 
vi kan gle oss over ein ny månad med ubrukte dagar. 

Dagar som gir oss høve til å farge dei slik vi vil.


Møt dagane og lag dei fulle av glede og livslyst!


***

Ynskjer deg ein god kveld!

Irma



fredag 15. januar 2016

Ein kik inne.....



Ein krans som ynskjer velkomen inn.
Strikkehjarta har eg fått i gåve frå systra mi.
Det vart ikkje så verst å feste dei på 
ein trekrans som ynskjer velkomen.

Tømmerveggen i denne gangen er del av det 
berande reisverket i Sunnmørsstova vår. 
Det ujamne i treet gir liv og sjel.



Det er ikkje lett å bestemme seg for kvar bilete og anna skal henge. 
Vi må bruke litt tid på det. 
Det er eigentleg ikkje lett å plassere møblane heller. Flyttar dei litt rundt og kjenner på korleis dei må stå.

Det er lavt under taket og ikkje alt får plass, men vi vil likevel ta vare på møblar som har fylgt oss sidan oss var unge og nyetablerte.

Det er først og fremst folk og husdyr som gjer hus til ein heim, 
men møblane, bileta, nips og anna fortel òg mange gode minner.
Desse minna er viktige.







tirsdag 12. januar 2016

Januar

Vi har no budd ei periode i eit koseleg, 
nyoppussa tømmerhus med sjel i veggane.
Vi var så heldige å få leige dette huset då vi 
fekk selje gulehuset vårt.

Romjula vart brukt til å jobbe i huset. Siste malingsstrøka, listearbeid, montering av dører, 
lamper og mykje anna. Vi har hatt lange og kjekke dagar. 
Ein blir skikkeleg motivert når vi ser at no, no er det ikkje lenge att!

Vi flytta møblar på loftet i Nilsgarden før trappa vart måla. Det var lurt å gjere når vi såg alle stripene trappa fekk. 
Bilete kjem etterkvart.

Det er ikkje mykje snø her på vestlandet, 
men kulda fortel at det er vinter. 
Vi har målt -11 grader. 
Det er ekstra kaldt med rå vind i tillegg. 


Har kasta meg på lyslyktbølgja. Dei pyntar opp ute.





Husbonden har fått opp siste utlyset. 

Ynskjer deg ein god kveld.