onsdag 27. august 2014

Huset 25.august

Restaureringar av huset går sakte, men sikkert framover.
Støypearbeidet som skal forsterke stenderverket utanpå tømmerveggane har tatt mykje tid. 

Husbonden har fått starta med å isolere og legge på asfaltplater på oppsida av huset. Dette er no fukt-tett med ein duk. Lekter skal utanpå før bordkledninga skal på.





Denne veka har vi hatt hjelp av ein lokal snekkar som har montert takrenner og starta med å legge på att taksteinen. 
Vi gler oss til steinen er på taket. Då kan hauststormane berre kome.
Dette er eit møysommeleg arbeid og vil ta tid. 


Ynskjer deg nydeleg kveld! 






2 kommentarer:

  1. De gjer eit storarbeid med huset, og eg er sikker på at det blir veldig flott etter kvart.

    Lukke til vidare.

    Helsing Randi

    SvarSlett