lørdag 30. november 2013

Korte dagar!

Vi kan skrive siste dagen i november og vi har koselege desember framfor oss. 
Juleførebuingar er i gang og det er ei kjekk tid no fram mot jul. 
I Nilsgarden er det fortsatt noko aktivitet, men det går stort sett i hjorteslakting, røyking av laks og arbeid i vedaskogen. For min del er det lite eg kan gjere då eg har operert skuldra etter ei skade. Gler meg til å kome sterkare tilbake etterkvart. 

Vinteren gir god anledning til å planlegge framdrifta av restaurering. Vi justerer teikningane av huset slik at vi kan kome i møte krav frå fylket og kommunen. Dette er teikningar vi sende inn for å få byggjeløyve. Huset sett frå fjella. Vindua skal ikkje vere krysspost, men med seks ruter i kvart vindu. Taket skal ha Vossaskifer som i dag, men steinen skal vaskast og takast av. Til våren skal snekkarar legge nytt tak med isolasjon under. Vidare skal dei setje opp tilbygga og ark på loftet. Bordkledning, vindu og dører skal skiftast. Heile huset skal isolerast slik at tømmeret vert synleg på innsida. Golvet i 1.etasje skal skiftast.


Det var litt om kva som skjer i Nilsgarden om dagane. 
Vi gler oss over alle små utbetringar vi får gjort. Dette er eit prosjekt som tek tid og vegen blir til medan vi går. 
Det er viktig at vi har det kjekt og at arbeidet gir energi. 

Ynskjer alle lesarar ein fin kveld!

Klem frå Irma

1 kommentar:

  1. Hei Irma og takk for sist!
    Så kjekt å sjå teiknking av huset- det vert kjempeflott! Gledar meg til å følge med vidare.
    Ønsker deg ei fin helg!
    Monica

    SvarSlett