mandag 21. oktober 2013

Ballen rullar vidare!

For nokre veker sidan var eg i møte med landbrukssjefen i kommuna.
Det var eit positivt møte der eg fekk svar på mange av spørsmåla eg hadde angåande
det å starte med sau. 
Vidare har eg vore i kontakt med Mattilsynet. Dei òg var positive!
No er det berre å køyre på.

I går ordna eg meg rekneskapsførar og registrert føretaket mitt i Brønnøysundregisteret.
Dette blir spennande!
Målet er at neste år på denne tida har eg 10 sauer på beite i Nilsgarden.



Vi gler oss til å få fleire firbeinte på tunet!

Nyt haustkvelden!

Klem Irma







4 kommentarer:

  1. Svar
    1. No er organisasjonsnr kome i postkassa og naboen din vil levere livdyr til med september 2014. Då får vi håper mattilsynet er positive ;-) Klem

      Slett
  2. Regner med at det bli utegangersau da?? Åh ....masse spennende som skal skje i 2014 da!! Gleder med til å følge med!! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Her blir det gamalnorske utgangarar, Wenche. Vi får håper Mattilsynet er positive!! Ha ein god kveld!

      Slett