tirsdag 7. juni 2016

Sommarvarme

Vi har dyrka utelivet sidan siste innlegg. 
Det har vore strålande sol og temperaturar rundt 20 grader. Det har vore heilt fantastisk. Bålpanna har vore flittig i bruk og det har vore eit aktivt uteliv i hage og tun. Vi har planta, klipt og luka. Rhododendron, plomme- og kirsebærtrea blomstrar. 

*

Vi har opna padlesesongen i finevèret! 
På grunn av husbygging i fjor vart det lite padling, men
i år har vi fleire turar vi ynskjer å gjennomføre. 

*

Kyllingane er 3,5 veker. Dei fekk ny hønsegard i fjøsen i helga. 
No har dei god plass i påvente av utandørs hønsegard.


*


I tillegg har hunden vår Lerke fått seks nydelege kvalpar. Ho passar på dei som berre ei mor kan gjere. Sleiking og snusing. 
Ho har knapt tid til å gå ut i nødvendige ærend. Ho har fått det framtidige badet som kvalperom og der har dei det roleg og godt. 
Kvalpane er no 11 dagar. Dei veks og ser sunne og friske ut. 
Alle har nye heimar å flytte til om 6,5 veker.  





*

Sauene og lamma har gått nokre veker fram i Nilsøyane. Etter ei veke tok vi dei ned til garden att for å klippe dei. Det var ein varm dag å gjere slikt arbeid, men det verka som sauene syns det var godt å få av seg vinterulla. Alle tretten søyene vart klipt på ein dag. Det kunne vi kjenne i kroppen dagen etter...... Lamma veks og trivs. Vi vog flaskelammet berre for å sjå om det er tid for avvenning og då viste vekta 17,5 kg. Det nærmar seg snart fjellbeiteslepp.






*

Ynskjer alle ein fin sommardag!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar