Viser innlegg med etiketten Stova. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stova. Vis alle innlegg

lørdag 30. januar 2016

Stova i januar

Dei siste kassene er komne i hus og det er meir som eit kaos.
Korleis finne plass til alt? Treng vi alt? 
Kvar skal vi ha det vi kanskje treng ein gong i framtida?

Nokre ryddige krokar:


Denne gyngestolen er eit arvestykke frå Nord-Norge. 
Mor mi kan minnast at oldefaren min satt i denne 
ved ovnen på kjøkkenet sitt. 
Den fekk han i bytte mot fisk. 



Alle treng ein engel som passar på. Ei kjær gåve frå døtra mi.
Stolen stod i Nilsgarden då vi tok over. 
Han er fortsatt god å sitje i.


Ei Singermaskin kjøpt på bruktmarked for mange år sidan.
Nåleputa er frå mamma sitt syskrin.

******

Snart er januar over og 
vi kan gle oss over ein ny månad med ubrukte dagar. 

Dagar som gir oss høve til å farge dei slik vi vil.


Møt dagane og lag dei fulle av glede og livslyst!


***

Ynskjer deg ein god kveld!

Irma



søndag 23. juni 2013

Stova

Vi fann, vi fann!

På visning såg stova slik ut.





Bak fleire lag med tapet, papp og plater dukka dette flotte tømmeret opp.
Nokre tømmerveggar er måla og andre har naturleg patina. 


Døra til høgre for ovnen fann vi inne i veggen. Den går inn i eit kleskap i gangen.
Syns fargen på det måla tømmeret er stilig. 




Her har det vore eit vindu. Dette skal vi setje inn att.


Nydeleg farge og patina.
Det står att å rive pappen mellom bjelkane i taket. 
Eg har starta med å ta ut spikarar frå tømmeret. Det er ein nøysommeleg jobb. 
Bjelkelaget i golvet skal skiftast. Isolasjon mellom golv- og takbjelkar....

I dag er det dugnad på ungdomshuset med sal av rjømegraut og kaker!
God jonsokfeiring til alle!

Irma