Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg

fredag 20. juni 2014

Avkopling

2. pinsedag kopla vi ut og tok oss ein padletur.
Vi har akkurat tatt grunnkurset i havpadling og 
var heldig å få med ein kompis som 
har ein del meir erfaring. 
Planen var å padle rundt Raudøya i Ørstafjorden. 
Vèret viste seg frå si beste side og turen gjekk til Raudøya, 
via Berkneset til Yksnøya. 
Bileta er frå den fråflytta øya Yksnøya. 
Vi har ikkje undervegsbilete då eg kun har eit speglreflekskamera som ikkje er så ideelt å ta fram når ein padlar.....












Her var ein del inspirasjon å ta med oss heim til Nilsgarden!





mandag 1. juli 2013

Ein inspirerande søndag!



Vi treng litt påfyll av energi og bli inspirert av andre som driv gard på ulike måtar, 
restaurerar gamle hus og som skaper noko positivt i bygdene.

Denne søndagen gjekk turen til Vanylven og Hakkalegarden.
Hakkalegaren er ein fargerik besøksgard for både born og vaksne. 
Der er ulike typar dyr, fuglar, hesteriding, traktorturar, butikk, kunstutstilling og kafè.

Garden ligg nydeleg til med Haugsholmen og ope hav i bakgrunnen.




Ein nydeleg mur på våningshuset!



 Delar av butikken.


Oppheng for kle.


Kjellartrapp i stein.


Fargerik løde med kafè og butikk.







Nydelege alpakkaer.







Meir stein....

Du kan lese meir om garden og kike på bilete her: http://www.hakalle.no/

Nyt dagen vidare!

Irma