søndag 11. september 2016

Velkomen september

med ein vakker solnedgang. 
Hausten er ei fin tid med klar luft og nydelege fargar i naturen.




Bilete er tatt frå trappa mi. Vi ser Breisundet og havet.
Denne helga har vi hatt god hjelp frå familie 
og vener til sauesanking. 
Alle 35 sauene vi sendte til fjells i juni 
beitar no på innmarksbeitet på tunet.
Igjen kan vi høyre sauebjellene. 

Det er så godt å få dei heim att.
No startar den tunge jobben med å velje kven som skal få bli 
og kven som skal bli slakt. 
Det er faktisk første gang vi gjer.

Ynskjer deg ein fin haustkveld.

Irma

mandag 29. august 2016

Det var ein gong ein

gamal sommarfjøs......






Oktober 2014 sette vi inn ei dør og laga større opning på eine kortveggen. Sommarfjøsen har i to år vore først og fremst vore fòringsstad  og ly for ti søyer. 
Den har gjort nytte for seg desse to åra og mange fleire år før det.

No er fjøsen jamna med jorda for å gjere plass til ein ny sommarfjøs. Om to veker skal vi hente sauene ned frå fjellet og nyefjøsen skal verte ny fòringstad og ly. 

Irma


lørdag 27. august 2016

Hønsegard

Etter fleire klekkingar i vår vart resultatet 22 høner og hanar. Kven som er hane og høne kan nok ein røynd hønsebonde sjå, men oss er ikkje heilt sikker. 
Det vart bygd ny hønsegard i juli. Kyllingane har hatt god plass her. Hønsehuset som skal huse dei i vinter er ikkje bygd, men denne årstida greier dei seg med kun hønsegard. 
Vi har bygd opp vagler av drivved. Det ser ut som dei trivs og har det bra. Dei eldste er nok verpeklare om nokre veker.
Vi gler oss til heimelaga egg :-)





Verpekasse er ein gamal kommode. 
Blir spennande å sjå om dei syns den er bra nok.

Ynskjer alle ein god laurdagskveld.

Irma



mandag 15. august 2016

Eit kvalpeliv

Kvalpane som vart fødde 27.mai vart leverte 22. og 23.juli.

Seks små eurasierkvalpar har vakse seg store. 

Dei har flytta til nye heimar.Vi har allereide besøkt halvparten av flokken og det har vore hjartelege gjensyn.





Det har vore ei travel, fantastisk og god kvalpetid. 

No er kvardagen tilbake og 

Lerke er igjen dronninga i flokken i Nilsgarden. 


Irma




søndag 14. august 2016

Det spirer og gror

i det nye bedet eg har laga i vår.






Ynskjer alle ei fin veke!

Irma






torsdag 11. august 2016

Juli kom og for.....

Det har vore ferie i juli, 
men når vi ser tilbake gjekk månaden skrekkeleg fort 
og det vart ikkje tid til meir enn eitt blogginnlegg. Merkeleg.

Sidan det vart slik det vart må det bli eit lite tilbakeblikk:

* Drengen har grove ut og steinlagt ei kokegrop.
Denne skal brukast til steiking av kjøtt og fisk.

Eit lammelår på 3,5 kg vart prøvd ut først.



2,5 time seinare.

Grønsakene vart pakka inn i aluminiumsfolie 
og lagt på ei helle høgare oppe i kokegropa. 

Når kokegropa vart opna, la kokken lammesteika til sides for å kvile. Grønsakene var møyre og smakfulle.

Det smakte nydeleg. 


Ynskjer deg ein nydeleg kveld.
Hugs å lage deg ein god dag i morgon.
 *
Irma 
*











mandag 11. juli 2016

Første jordbær i år...

og den frå eigen jordbæråker. 
Jordbæra smakte søtt 
og vart delt i to slik at drengen fekk ein smakebit. 
Det er elles tid for både luking inn i mellom bringebærbusker 
og plenslått. 
Kjekt sommararbeid, 
men litt meir tiltak når skodda heng i halskragen og det yrar.





Sidan sist har vi fått flytta på plass "huset mitt" 
som eldste barnebarnet vår, Jenny seier. 
Det er ei gulmåla leikarhytte som vart med på flyttelasset i vinter. Den har stått i le for vind 
og vèr ved løda i påvente av eit fundament å sette henne på. 
No er fundament for både leikarhytte 
og hønsehuset støypt og tørka.
Leikarhytta er trygt plassert. 
No er det kun ein rundvask att 
og vips så kan den fyllast med leik 
og moro igjen. 
Til glede for to små besteforeldregoll.



Det trengs både blomster og stæsj her, 
men først må det kome hèller på taket.


KLEM IRMA