Viser innlegg med etiketten Nytt tak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nytt tak. Vis alle innlegg

søndag 15. juni 2014

Nytt tak

I slutten av denne veka har snekkarane fått sett opp arka og lagt på duk. 
Heile huset fekk seg ei god bløyte på torsdag for då pøsregna det skikkeleg.
Med god vind dei følgjande dagane tørka det fint opp att.




Det skjer ein del no framover og det er mykje som skal bestemmast.
Det er godt at det snart er ferie. Berre ei veke att!

Denne helga har eg fått møtt eit koseleg par der ho slekta frå Nilsgarden. Ho har mange gode minner frå garden og det var kjekt å høyre når ho fortalde frå barndomsåra. Desse to har hytte på sætra og eg fekk sjå ei perle av ei hytte utan straum og innlagt vatn. 
Det er så kjekt å møte folk som sett pris på det enkle hyttelivet og som sett pris på verdiane i å ta vare på det gamle. 
Det var ei triveleg stund i lag med desse to.


Ynskjer alle lesarar ei fin veke!




tirsdag 10. juni 2014

Nytt tak

Å skifte nytt tak på ein gamal tømmerkropp er ei utfordring. 
Snekkarane frykta skeivheit både diagonalt og 
i sjølve tømmerveggane.
Diagonalane var ikkje så aller verst, 
men skeivheita i tømmerveggane vert ei utfordring framover.

Det er ei fryd å kome heim frå jobb og sjå forandringa som skjer med huset. 
Vi går spennande veker i møte.





Vi har hatt eit nydeleg pinsevèr her på nordvestlandet.
Vèret nyt vi ute med ulike aktivitetar og 
i pinseafta arbeidde vi heile dagen for å sikre sauene våre 
torrhøy for vinteren! 



Ynskjer alle ei god veke!


søndag 8. juni 2014

Nytt tak

Her får du bli med på ei lita rundreise på loftet utan tak:










Til slutt eit bilete over dei flotte Sunnmørsalpane!


Her framme blir det godt å bu!