mandag 26. mai 2014

og vips så for resten....




Det var lite isolasjon bak bordkledninga. 
Litt mose eller var det gamle reir som hadde ramla bak? 
No er vertfall veggane strippa og det er klart for å starte på taket. 
Litt støypearbeid er også i kjømda.

Det blir spennande framover!

Ei god veke til deg!





lørdag 17. mai 2014

17.mai


Gratulerer med dagen!


Dagen har vi feira tradisjonelt med 
gudsteneste og tog, 
smørbrød og kaker,
 fest og leikar.

Dugnadsånda står sterkt i bygda vår
og skal vi ha levande bygder må vi stille opp og ta i eit tak.

Nokon bærer bord og stolar,
pyntar med flagg og bjørk,
smørjer smørbrød,
baker kaker.

Andre spelar i korps og lagar feststemning,
held appel,
organiserar leikar og fest for borna.

Vi har det sosialt og kjekt. 

Det har gått eit festtog gjennom landet i dag!
200 års Grunnlovsmarkering.

Vi er heldige som bur i Norge!







torsdag 15. mai 2014

Meir rivearbeid...


før


etter

I dag kom regnet. 9 grader, vind og regn. 

Det er godt å fyre i ovnen sjølv om kalendaren viser mai!



onsdag 14. mai 2014

No riv vi bordkledninga!

Ein nydeleg vårdag! 
Då passar det ypparleg å rive av bordkledninga. 
Det har ein gong vore skifta bordkledning på denne fremste veggen. Det var òg eit tynt lag isolasjon i veggane. 
Både humlebol og gamle fuglereir dukka opp.



Fin, grov tømmer kom fram. Dette vert spennande. 

Medan husbonden har rive vegg, 
har eg sett ned i stiklingar som skal bli hekk. 
I går slo eg heile hagen med ny plentraktor! Det gjekk som ein leik.

Det er så godt å vere ute etter ein arbeidsdag!

Ynskjer deg gode maidagar!







søndag 4. mai 2014

Spretne lam




Lambetida er over og dei 10 framtidige søyene våra er komne!

I dag har vi vore på besøk sett på 22 flotte jenter og 
19 gutar som sprang på bøane på garden Tømmerbakken. 
Nydelege svarte, brune, grå og flekkete. 
Mjuke, varme og tillitsfulle lam. Vi fekk kose, klappe, mate og beundre søyer og lam.
I månadskifte september/oktober vert det flyttedag. 
Først skal lamma ete seg store og sterke i lag med mor si, 
vere med flokken til fjells og vips blir det haust!!



Eg har fått nokre spørsmål om korleis ein går fram når 
ein ynskjer å starte med sau. 
Dette har vi gjort:

1. Bestemme deg for sauerase. 
Leit på nett og snakk med ulike sauebønder.

2. Gjer avtale med ein bonde om å kjøpe lam 
(hausten er beste til for flytting).

3. Kontakt Mattilsynet og få tilsendt søknadsskjema.

4. Bonden du skal kjøpe lam med må legge ved ei erklæring 
som du legg ved søknaden.

5. Registrer organisasjonen din i Brønnøysundregistreret og 
få organisasjonsnummer.

6. Kontakt kommuna. Få produksjonsnummer.

7. Søk og vent.

8. Ha kontakt med bonden du har gjort avtale med og lær mest muleg av erfaringane han/ho har gjort. 
Les deg opp på sauehald og avl. 

9. Planlegg og gjerde inne aktuelle beiter.

Lukke til!!






torsdag 1. mai 2014

Rydding av hus og gjødsling av dyrkamark!

Vi har no tømt heile huset for møblar. Det er sortert og 
lagra forsvarleg. Små og store skattar som vi ynskjer å flytte inn att 
i huset når det er ferdig restaurert. 

Dette var ein passeleg jobb når sola skein ein dag i slutten av april og vi kunne med god samvet nyte finevèret mellom jobbinga.


Det står att ein del golvbelegg som skal takast av inne.
Når dette er gjort kan vi starte å rive bordkledning utvendig.

April slutta med ei periode med nydeleg vårvèr og eit skikkeleg vèrskifte med nysnø i fjella. 
Typisk april/mai!
Vi får berre ta det vi får, å gjere det beste ut av det.

I dag fekk vi gjødsla dyrkamarka og det var ein heller kald oppleving! Sol og byger med tett sludd. 20 mål fekk 1 tonn gjødsel!



Vi var svært fornøygde med oss sjølve når jobben var gjort. 
Moderne bønder hadde nok rista på hovudet hadde dei oppdaga korleis gjødsla vart spreidd utover. Det var med bøtter, auseskjær og rein handemakt. 2,5 time brukte vi. 
Ei sosial og god treningsøkt!

God kveld til deg!