søndag 2. juni 2013

Ny innkøyrsle

Denne veka har vèret vore nydeleg! 
Sol og varme fleire dagar i strekk er ikkje vanleg for ein frå nordvestlandet. Plenen rundt huset er slått, omlag 1,5 mål! Det vart utruleg fint. Vi har grilla og kosa oss ute fleire dagar etter jobb. 
Spenninga har vore stor om kravemaskina vi var lova kom som avtalt. Vi har merka opp ny innkøyrsle og biloppstillingsplass inne på turnet. 





 På neste bilete ser du stolpen som står midt i innkøyrsla. 
Avtalen er at kraftselskapet skal flytte den når gravemaskina kjem.


Gravemaskina kom som avtalt. Hurra!! Kraftselskapet flytta stolpen som avtalt.
Her går det som smurt.
Dag 1:



Dag 2:





Dag 3:





Dag 4: 
Etter fire dagar med graving i strålande sol kom regnet. 
Bileta vart tatt laurdag og då regna det kraftig.




Vegen skal ha eit gruslag som toppdekke. Overskotsmasse skal vi bruke til å fylle ut i skråningar etter att vi har fått rydda vekk store røter av orkanskadd skog.


Her er det klart for støyping av utbygg. 
Neste veke vert det meir graving rundt huset for å legge ned drensrøyr. 

Denne veka har vi rydda og fjerna mykje rusk frå rivingsarbeid inne i huset. 
Meir om dette i eit seinare innlegg. 

Ha ein strålande dag vidare!










2 kommentarer:

  1. Spennande! Flott at dei kunne flytte stolpen og så kjekt når ting går etter avtalen ;-)

    SvarSlett
  2. Det er så kjekt når ting går som smurt! Gler meg kvar dag til å kome fram på tunet og sjå kva han har fått til med gravemaskina i dag .-) Ha ein strålande dag vidare, Monica!!

    SvarSlett