søndag 4. mai 2014

Spretne lam




Lambetida er over og dei 10 framtidige søyene våra er komne!

I dag har vi vore på besøk sett på 22 flotte jenter og 
19 gutar som sprang på bøane på garden Tømmerbakken. 
Nydelege svarte, brune, grå og flekkete. 
Mjuke, varme og tillitsfulle lam. Vi fekk kose, klappe, mate og beundre søyer og lam.
I månadskifte september/oktober vert det flyttedag. 
Først skal lamma ete seg store og sterke i lag med mor si, 
vere med flokken til fjells og vips blir det haust!!



Eg har fått nokre spørsmål om korleis ein går fram når 
ein ynskjer å starte med sau. 
Dette har vi gjort:

1. Bestemme deg for sauerase. 
Leit på nett og snakk med ulike sauebønder.

2. Gjer avtale med ein bonde om å kjøpe lam 
(hausten er beste til for flytting).

3. Kontakt Mattilsynet og få tilsendt søknadsskjema.

4. Bonden du skal kjøpe lam med må legge ved ei erklæring 
som du legg ved søknaden.

5. Registrer organisasjonen din i Brønnøysundregistreret og 
få organisasjonsnummer.

6. Kontakt kommuna. Få produksjonsnummer.

7. Søk og vent.

8. Ha kontakt med bonden du har gjort avtale med og lær mest muleg av erfaringane han/ho har gjort. 
Les deg opp på sauehald og avl. 

9. Planlegg og gjerde inne aktuelle beiter.

Lukke til!!






torsdag 1. mai 2014

Rydding av hus og gjødsling av dyrkamark!

Vi har no tømt heile huset for møblar. Det er sortert og 
lagra forsvarleg. Små og store skattar som vi ynskjer å flytte inn att 
i huset når det er ferdig restaurert. 

Dette var ein passeleg jobb når sola skein ein dag i slutten av april og vi kunne med god samvet nyte finevèret mellom jobbinga.


Det står att ein del golvbelegg som skal takast av inne.
Når dette er gjort kan vi starte å rive bordkledning utvendig.

April slutta med ei periode med nydeleg vårvèr og eit skikkeleg vèrskifte med nysnø i fjella. 
Typisk april/mai!
Vi får berre ta det vi får, å gjere det beste ut av det.

I dag fekk vi gjødsla dyrkamarka og det var ein heller kald oppleving! Sol og byger med tett sludd. 20 mål fekk 1 tonn gjødsel!



Vi var svært fornøygde med oss sjølve når jobben var gjort. 
Moderne bønder hadde nok rista på hovudet hadde dei oppdaga korleis gjødsla vart spreidd utover. Det var med bøtter, auseskjær og rein handemakt. 2,5 time brukte vi. 
Ei sosial og god treningsøkt!

God kveld til deg!










tirsdag 29. april 2014

Mange på besøk!

Målet med å blogge har aldri vore å få mange lesarar, 
men eg kjenner at når eg no har passert 
10 000 
sidevisingar så er det stas!

Eg håper at du som lesar kan bli inspirert av det vi gjer i Nilsgarden!

Det er alltid kjekt å få ein kommentar. 
Eg blir veldig inspirert av å lese om andre med same 
interesse for gardsliv, renovering, interiør og hage.

Vi går i alle fall ein svært spennande vår og sommar i møte. 



I dag er det opphaldsvèr og då er det berre å kome seg ut!




mandag 28. april 2014

Status i april

Påska er forbi og kvardagen har meldt seg igjen. Vi har hatt nydeleg vèr sidan langfredag her på Nordvestlandet. Naturen har eksplodert og smaken av sommaren har gitt god energi.
 
I kveld teiknar husbonden. Han prøver å finne diagonalar for at taket på huset skal bli beint. Ikkje enkelt å legge nye sperrer på ein snart 150 år gamal tømmerkropp. Hm..... fristar det å rive og bygge nytt? Tenk å ha eit hus med rette golv og glatte tak og veggar! Nei, takk. Vi ynskjer å ta vare våningshuset i Nilsgarden slik det står i dag. Ein heim med sjel og sjarm! Det blir arbeidskrevjande, men vi ynskjer å få dette prosjektet til!

Status våningshus og hage: 
 * Vindu til halve huset er bestilt
      * Taksperrer blir bestilt denne veka
          * Vi ventar snekkarar i slutten av mai
* Oppmåling av hage. Har planta to syrintre.

Status gard:  
* Levering av søknad til Felleskjøpet for å kjøpe kunstgjødsel
*Løyve frå Mattilsynet om overføring av 10 sauer i månadskiftet sept -okt
* Kløyving og pakking av ved på dagar ein kjenner at slikt arbeid er kjekt.

Elles har vi sett på sola og fyrt i bålpanna!
Livet skal nytast her og no. 

 I dag kom vèrskifte med regn og lågare temperatur.
Då får vi bruke ettermiddagane og kveldane til å teikne hus og hage.
Planlegging er halve arbeidet var det ein klok mann som sa ein gong, trur eg.......

Nyt kvelden!









onsdag 16. april 2014

Ein glad kveld.....


No skal eg kose meg med ein kopp te og eit nytt blad!

Ynskjer alle ein glad påskekveld!


fredag 11. april 2014

Påskestemning

No nærmar påska seg og det skal bli godt med 
nokre rolege dagar heime.
Vèrmeldinga lovar ikkje strålande sol, 
men det skal likevel bli godt å ladde batteria litt ekstra.
Det er lite snø her på Vestlandet, 
men for den som ynskjer å gå på ski er det greit å finne snø i høgda. 
Denne veka har det vore mykje jobb og kurs på meg. 
Inni mellom slaga har eg rusla rundt i Nilsgarden 
og sett etter om det tek til å spire. 
Rabarbraen kikar litt fram og eg syns den ropa etter gjødsel. 
Planen var å legge kugjødselkompost rundt både rips-, solbær-, bringebærbuskene og rabarbraen i løpet av helga.


Påskeliljene ved røykeriet har vakse seg store og fine.


Gardshunden vår Lerke er ikkje seg sjølv for tida. 
Løpetida, som vi har venta på sidan januar, har kome og 
då er det lov å vere litt utilpass.
I dag har husbonden og døtra vår reist til Tyskland med Lerke for å pare henne med ein flott eurasierkar nær Hamburg. Dette har vore planlagt ei stund. Vi ynskjer at denne flotte tispa vår skal få kvalpar som kan føre vidare dei gode gena som Lerke har. 
I juni reknar vi med at kvalpane kjem. Det vert ei spennande tid!
Denne sommaren skal vi bruke til omsorg og sosialisering av kvalpar.

 Våningshuset på garden skal vi renovere utvendig med 
nytt tak, utbygg, ny bordkledning og nye vindu. 

Det er veldig kjekt å ikkje ha fritidsproblem!

Eg ynskjer alle ei fin palmehelg!

Klem Irma

mandag 31. mars 2014

Gjenbruk

...av den gamle sauefjøsen. 
Dei siste vekene har vi rydda ut av den gamle sauefjøsen. 
Vi var svært overraska over kor høgt det var under taket. 
Eit skikkeleg godt rom vi kan bruke!



Fjøsen har jordgolv. Til venstre er ei opning inn til eit lager. 
Den opninga må støypast igjen.



Nytt støypt golv!




Dette skal bli snekkarbu. Hoppfallera!
Dette blir kjekt å få orden på.

Ynskjer alle lesarar ei god veke!

Klem frå Irma