fredag 11. april 2014

Påskestemning

No nærmar påska seg og det skal bli godt med 
nokre rolege dagar heime.
Vèrmeldinga lovar ikkje strålande sol, 
men det skal likevel bli godt å ladde batteria litt ekstra.
Det er lite snø her på Vestlandet, 
men for den som ynskjer å gå på ski er det greit å finne snø i høgda. 
Denne veka har det vore mykje jobb og kurs på meg. 
Inni mellom slaga har eg rusla rundt i Nilsgarden 
og sett etter om det tek til å spire. 
Rabarbraen kikar litt fram og eg syns den ropa etter gjødsel. 
Planen var å legge kugjødselkompost rundt både rips-, solbær-, bringebærbuskene og rabarbraen i løpet av helga.


Påskeliljene ved røykeriet har vakse seg store og fine.


Gardshunden vår Lerke er ikkje seg sjølv for tida. 
Løpetida, som vi har venta på sidan januar, har kome og 
då er det lov å vere litt utilpass.
I dag har husbonden og døtra vår reist til Tyskland med Lerke for å pare henne med ein flott eurasierkar nær Hamburg. Dette har vore planlagt ei stund. Vi ynskjer at denne flotte tispa vår skal få kvalpar som kan føre vidare dei gode gena som Lerke har. 
I juni reknar vi med at kvalpane kjem. Det vert ei spennande tid!
Denne sommaren skal vi bruke til omsorg og sosialisering av kvalpar.

 Våningshuset på garden skal vi renovere utvendig med 
nytt tak, utbygg, ny bordkledning og nye vindu. 

Det er veldig kjekt å ikkje ha fritidsproblem!

Eg ynskjer alle ei fin palmehelg!

Klem Irma

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder da, Irma! Så nydelig Lerke er! Ei venninne av meg , Inger Berset, har en flott hannhund i samme rase!! Dei bor i Ålesund....ikkje så langt å reise for å bli gravid det :) God påske til dere!
    Hilsen Wenche

    SvarSlett
  2. Det er ikkje mangel på hanhundar. Vi ynskjer å finne ein som passer i forhold til gener og testar. Vi krysser fingrane å håper kjemien stemmer mellom dei! Nyt ferien, Wenche! Klem

    SvarSlett