tirsdag 25. mars 2014

Traktorhengar


Kjekt å ha!
Med all veding så var det nødvendig med ein skikkeleg traktorhengar. 
Lukka var stor når ein i same fylke ville selje ein hengar til oss. 


Haugen som snart skal gjennom kapping og kløyving veks fort når ein har ein slik flott hengar å frakte strongar med.
Dette var stas!

Irma


mandag 24. mars 2014

Gjødselkjellaren



Akkurat no er arbeidet med å tømme gjødselkjellaren som gjeld. 
Det meste hadde vorte mold, men vi satser på at markane har godt av eit lag med næringsrik jord.




Gjødselkjellaren er tom. 
Etterkvart må vi få til ei slags drenering slik at vatnet ikkje renn inn.
Det blir eit anna prosjekt som vi ikkje startar på enda.

Det luktar vår!!
Det går mot lysare og varmare dagar.
Eg seier VELKOMEN!

Irma

torsdag 20. mars 2014

Bruktkupp


Desse glasa har eg funne på ei kjøp og salside på Facebook. No er dei vaska og er klare til bruk.
Nokre vil bli brukt til hermetisering og andre til oppbevaring av kornprodukt.
Husbonden vil lage nokre lamper.


Dette Noregsglaset har eg brukt til kaffi i mange år. 
Har du Noregsglas?
Kva bruker du dei til?

Ha ein ny, flott dag!

Irma

søndag 16. mars 2014

Frå eit marked i England

Yngstemann kom att frå 2 veker studiar i York og 
hadde med to artige skilt.




Det er vel mange som kjenne seg att her?

Eg gler meg til å finne plass til desse i Nilsgarden.

Irma

lørdag 15. mars 2014

Det var ein gong eit hønsehus.

Eit rett koseleg eit med gjerde utanfor slik at hønene kunne spankulere ute når det passa seg slik. Det er nok mange år sidan det budde høner i dette hønsehuset. 
Det var nok lykkelege høner! 
Garden vår skal også ha høner og tanken er at vi skal bygge eit nytt frittståande hønsehus med tida.



Dette vesle hønsehuset har vore mitt prosjekt denne siste veka. Eg har kosta tak og veggar. (Det er godt vevkjerringane ikkje har vakna av vinterdvalen....) Rydda, kasta skrot og til slutt kosta golvet. Eg har tatt ut x-antal spikarar frå veggen og rive eit noko høgt arbeidsbord. Nye vindauge er òg bestilt.

Hønsehuset skal få ein gartnarkrok og blir lager for skiutstyr! 
Kom inn og sjå gartnarkroken min:




Ei gamal fiskekasse og to fjøskrakkar.

Eg har sett i mold løkar eg tok opp utanfor husveggen då vi skulle støype fundamenta for utbygga på huset. Desse har tatt til å spire og var modne for å setje i ny mold. Det blir spennande kva som kjem opp. Det var ei blanding av tulipanar og påskeliljer.

God laurdagskveld til deg!

Irma






mandag 3. mars 2014

Ein søknad er sendt..

til Mattilsynet!


Då er avgjersla tatt om at det blir sauerasen Gamalnorsk spæl som skal beite i Nilsgarden.
Vi har gjort avtale med ein sauebonde om levering av avlsdyr i september-oktober. 
Det blir veldig spennande. 
Eit steg vidare på vegen mot å bli skikkelege bønder.

God veke til alle lesarar!

Irma



mandag 17. februar 2014

Kjøkkenet

Det har vore både ei lita pause her på bloggen og med aktiviteten i Nilsgarden, men det vil ikkje seie at vi har lagt heilt på latsida sidan sist. Det er berre det at det ikkje er så interessant å verken skrive om at vi fortsatt ryddar eit beite med graner som ein gong skulle bli juletreskog eller å gjere jobben. No er ikkje eg den mest aktive i ryddearbeidet, men eg har faktisk bidrege. Husbonden meinar han ser enden i arbeidet. Og det lovar godt, men det er ikkje sikkert at vi skal gjere oss heilt ferdige denne etterjulsvinteren heller. Det kjem fleire år med rom for vedingsarbeid....

Det er ikkje tvil i at terrenget har opna seg allereie, men det er mykje att. 
Problemet er kvar skal vi lagre alt skatet? 

Elles så er planlegginga bak prosjektet viktig. Vi har laga planar for kva vi ynskjer å kome i mål med denne månaden og vi er godt i gong. Mitt hovudområde er å gjere nødvendig forarbeid for at vi skal kunne starte med sau ein gong ut på hausten. Dersom ein skal kunne søkje om støtte må ein ha organisasjonsnummer og då kan ein sende blant anna søknad om SMIL-midlar til kommuna. Det er mykje å setje seg inn i, men eg reknar med at ein blir meir dreven etterkvart. Ein må ha ein god porsjon pågangsmot og vilje når ein vil skape liv på ein gard. Ein må blant anna tørre å stille dumme spørsmål og leite etter kunnskap der den fins. Status per i dag er at garden har fått organisasjonsnummer og SMIL-søknaden ligg på landbrukskontoret for vurdering. 
Det er godt alt som er gjort! 
Og ein kjenner godkjensla av at jammen fekk ein til dette også sjølvom ein aldri hadde gjort det før.


Då litt om kva vi har gjort innomhus:

Sidan nyttår har vi rydda ut kjøkkenskap og strippa omtrent heile kjøkkenet i huset. Nydeleg blåmala tømmer har kome fram. Medan vi jobbar snakkar vi om korleis vi ein gong skal bygge dette opp slik at det blir ein koseleg heim att. Vi har mange idèar og løysingar, men vi veit at vegen blir til medan vi går i restaureringa. I gamle hus dukkar det alltid opp uforutsette ting og då må vi endre planane våre. Det er det som gjer dette prosjektet så spennande og utfordrande. 

Før og undervegs bilete:















Som du ser så er det lite som minner om vinter her på Vestlandet. 
Vi har hatt to månader med tørt og fint vèr. Reine vårstemninga!

Det hadde vore kjekt med litt skikkeleg vinter, men no når vi nærmar oss mars, så kjenner eg at det ikkje gjer noko om snøen ligg kun i fjella.

God kveld til deg!

Irma