søndag 20. mars 2016

Ruging i Nilsgarden



I går var vi til Eide i lag med vener og henta egg for ruging. 
Då vi kom heim, desinfiserte vi egga og la dei i rugemaskina. 
Der skal dei ligge i 18 dagar. Maskina snur egga automatisk
nokre gongar i timen, medan temperaturen ligg på omlag 37,6 grader. 
Etter dette skal vendesystemet takast ut 
og ein skal tilføre fuktigheit dei tre siste dagane før klekking.




Dersom alle sortane får sjå dagens lys vert det ein fargerik flokk.
Vi har egg av silkehøne, maran, skånsk blomme mix, creem legbar 
og ein mix mellom creem legbar og isbar.

Ynskjer deg ein god palmesøndag!



1 kommentar:

  1. Vi har rugemaskina ståande klar, men egga som skulle kome med posten dukka desverre ikkje opp. Håper at vi får starta opp etter påske. No veit eg no kvar vi kan be om råd 😉🐣 God Påske til alle på Nilsgarden.

    SvarSlett