mandag 9. juni 2014

Hesjing anno 2014!

Fredag før pinseafta slo husbonden marka nærmast garden. 
(6.juni 2014)
Planen var å bruke opphaldsvèret pinseafta til å hesje. Seint på kveld fekk vi opp 1.hesa ved hjelp av grannar som skulle reise til syden neste dag. Takk og pris for gode hjelparar i nabolaget.
Før vi tok kveld ein gong etter midnatt, hadde vi hesja med friskt mot første strengen og 40 golv.





Neste dag starta vi tidleg. 
Fleire i alle aldrar kom for å hjelpe. 
Med mange hender gjekk det unna. Neste hes vart set opp. Slåttegrauten fortært. 
Timane gjekk og mykje gras låg att. Gjødslinga i mai var verkeleg effektiv. 
Enorme mengder gras vart sirlig lagt på streng. 
Det røyna på både hender og rygg. Skal tru om vi rekk å hesje alt før helga kjem? 
Vi hadde planar om både fjell- og kajakktur dei to neste dagane. Arbeidet gjekk vidare og vi innsåg etterkvart at noko meir enn 3 hesjer på omlag 100 golv til saman var maks for ein arbeidsdag. 
Sjølv for energiske småbønder! Kva gjer vi så med resten? 
Alternativ vart diskutert, men vi konkluderte med at vi måtte bruke neste dag og få opp i resten av graset. Nokre hjelparar takka for seg og seinare om kvelden kom ein kamerat av husbonden. 
Praten gjekk og 3.hes vart set opp. 
Då denne var ferdig kjende vi at kroppane hadde jobba heile dagen! 
Vi var slitne, men det var godt! Våre eigne hesjer på eigen gard. Ei skikkeleg godkjensle
Ei god natt søvn bøtar på det.


Svært viktige hjelparar!


Gamal teknikk vert børsta støv av og lært vekk. 





Det har vore ein utruleg kjekk og arbeidsom dag! 
Vi har prata og flira.
Både familie, vener og grannar har fått vore i lag. Eg har fleire gongar tenkt gjennom dagen på korleis dei arbeidde slik i lag før i tida. Når far min var ungdom var alle med. Sikkert ikkje like lystbetont for alle, men ein måtte for å ha fòr til dyra. 

I dag skal alt vere så effektivt. Ein vil ha meir fritid! 
Er det ikkje fritid å gjere noko anna og vere i lag? 

Tusen takk til alle som var med å hjelpe til med dette. 
Takk for positiv tilbakemelding frå bygdefolket. 
Kjekt at hesjing vart eit av samtaleemna i bygda denne dagen.
Dette ga oss nyttig erfaring for vidare gardsarbeid!

Nyt dagen, den er din!

I dag blir det padletur på gardsfolket!







4 kommentarer:

  1. Hilde Solbakken9. juni 2014 kl. 12:37

    Flinke dere er. Det er tungt arbeid, det vet jeg av erfaring. :-) Hilsen Hilde

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, Hilde! Det var tungt, men det var mykje nostalgi undervegs. Berre lukta av nyslått gras :-)

      Slett
  2. Det er arbeid det :) Husker jeg var med på hesjing i gamle dager vil si ca 40 år siden ! Det var så koselig og har mange gode minner med det. Er så koselig når det er noe mange kan gjøre sammen og samles etterpå til mat og kaffe og slikt.

    Takk for koselige ord inne hos meg.

    Sommer klemmer fra Monica

    SvarSlett
  3. Det var veldig kjekt å samlast både unge og eldre. Det er faktisk dei einaste hesjene i bygda. Få driv gardane sine i dag. Det er synd, men effektiviteten og lønnsomheita styrer. Ha ei god veke! Irma

    SvarSlett