fredag 10. oktober 2014

Huset pakka inn i duk



Slik ser huset ut 10.oktober. 

Det har vore mykje stabilt vèr så langt med noko sterk vind og nedbør innimellom. 
Huset er isolert utanpå tømmeret. På dette biletet er det lagt skiferheller på utbygget framover og første rasta på det andre utbygget. Huset har duk omtrent over heile, unnateke arka på taket. 
Alle vindu og dører er komne i hus. Bordkledning er bestilt og er venta å kome neste veke.

Siste veka har småbrukarane ladda batteria i varmare strøk. No er vi veldig klare for gode arbeidsykter på huset. 
Denne helga skal vi ta siste finish på å gjere ferdig ei inngjerding for å kunne ta i mot 10 gamalnorske spælsauer søndag.

Det blir ein spennande haust med sauer på tunet. 
Huset vil etterkvart få bordkledning og vindu. Då vil oss få eit betre inntrykk av korleis huset blir. Det gler vi oss til!

Ynskjer deg ein god dag!

Klem, Irma


tirsdag 23. september 2014

Sakte, men sikkert

Vi jobbar jamnt og trutt i Nilsgarden. Det har vorte  ein annan temperatur enn det vi er vande med, men hausten er ei fin tid med skarp luft og klart vèr.
Litt sol og regn høyrer med. Vi må nytte opphaldsvèret ved å arbeide ute når vi kan.

Våningshuset har no vorte isolert frå utsida og asfaltplatene er komne på. Mykje av materialrusket rundt huset er rydda opp. Kjellartrappa har vore full med rusk og rask etter snekring på veggen oppom. Eg har fått kosta trappa og då eg kom ned i kjellaren fortsette eg innover. Kasta ut gamalt skrot og kosta golvet. Kjellaren vart så fin! Bakstebordet kom til sin rett og snekkarbenken vart flytta, og fylt med gamalt verkty. 


Mange skattar dukkar opp når ein kostar og ryddar.


Isolering av dei gamle tømmerveggane skjer frå utsida.


Asfaltplater, duk og lekter er komne på.




God arbeidsveke til alle!



onsdag 27. august 2014

Huset 25.august

Restaureringar av huset går sakte, men sikkert framover.
Støypearbeidet som skal forsterke stenderverket utanpå tømmerveggane har tatt mykje tid. 

Husbonden har fått starta med å isolere og legge på asfaltplater på oppsida av huset. Dette er no fukt-tett med ein duk. Lekter skal utanpå før bordkledninga skal på.





Denne veka har vi hatt hjelp av ein lokal snekkar som har montert takrenner og starta med å legge på att taksteinen. 
Vi gler oss til steinen er på taket. Då kan hauststormane berre kome.
Dette er eit møysommeleg arbeid og vil ta tid. 


Ynskjer deg nydeleg kveld! 






tirsdag 26. august 2014

Steingard

Sommaren er på hell og kvardagen har starta for fullt. Denne sommaren har fem nydelege kvalpar vore hovudfokus. Dagane har gått til sosialisering, leik og trening. Mykje kosing og mating!







 
 Har elles klipt graset på tunet, vore handtlangar og vaska heller til hustaket. Det siste har vore min jobb denne siste veka. 
Ny og spennande jobb har kravd mykje energi siste vekene og då er det godt å kome hit opp på tunet. Det er godt med fysisk arbeid når ein sit mykje dagane.

Husbonden har huset som prioritet ein, men inni mellom har han ein steingard som han koser seg med når han er lei snekringa og taklegginga. 
Vi har hatt noko snekkarhjelp til råbygga og det nye taket. Akkurat no er vi så heldige å ha ein snekkar som hadde nokre dagar ledig slik at takrenner og noko av steinen på taket vert lagd. Og trur ikkje du han hadde med seg ein kar som var flink til å vaske heller. Vips så er hellene snart ferdig vaska, men eg blir nok ikkje arbeidslaus av den grunn.....






Frå gamalt av stod her ein steingard. Den vil husbonden setje opp att. Det er rund stein som finst i området og då brukar vi det.







Eg syns dette blir veldig fint. Meter for meter veks steingarden. Til venstre er der bærtre, frukttre og etterkvart blir det grønnsakshage. Til høgre ein traktorveg og innmarksbeite. 

Det går framover med bygging av våningshuset i Nilsgarden. Mykje skal på plass før vinteren, men vi stressar ikkje. Dette er eit fritidsprosjekt og iveren over at det lagar seg til litt etter litt driv oss i arbeidet. Gler meg verkeleg til bordkledning og vindu kjem i. 
Då vil vi verkeleg sjå korleis huset blir.

God kveld til alle!




.


torsdag 31. juli 2014

Mykje spennande i gamle veggar

Under rivingsarbeidet dukka denne artige sangen frå 1917 opp.
Det var sungen paa haustfesten i "Bard" 14.10.1917

Songen er skriven av Eivind Fossheim

I dei 42 vers står det blant anna:

"So hev me fotballag med spenn og spark
som øydelegg og trakkar svart vaar mark;
og mjølkelag og hestelag dertil
og sladderforening som aldri tegjer still". 



Dersom lokale lesarar kjenner til songen 
hadde det vore artig med ei tilbakemelding.







tirsdag 29. juli 2014

Juli

Juli kom fort med nydeleg sommarvarme. Hubonden har jobba mykje dei tre første vekene, men no er det endeleg ferietid for oss begge. Sola fortsetjer å stråle og det kan ikkje bli betre.


Lerke har fått sitt første kvalpekull denne sommaren. Jobben med desse søte krabatane er mi første prioritet. Dei skal følgjast opp med sosialisering og mat fleire gongar for dag. No er dei seks veker og er sjølvsagt med på garden. Der har dei eigen kvalpegard i skuggen. Der kan dei leike og sove så mykje dei vil. Med logrande halar ser det verkeleg ut som dei har funne lukka i Nilsgarden.



På grunn av andre gjeremål har det vore sporadisk jobbing 
med hus og hage.

Høyet er trygt i hus og resten av innmarka er lagt i rundballar. Vinterfòret er sikra. 

No har husbonden snekra litt over ei veke og snekkarane har vore her 4 dagar og fått opp råbygga. 












Det er både varmt og godt å arbeide i fint vèr. 
I dag kom det skikkeleg regn og det gjorde godt for både lufta 
og alt som gror. Vi får håpe det er forbigåande.

Nyt sommaren vidare!











mandag 30. juni 2014

Undervegs i restaurering og nybygg

Utbygget framover på huset er kome opp! 
Denne siste veka har vi vore spent på korleis takvinkelen på utbygget kom til å sjå ut og korleis plasseringa av vindu og dører ville passe. 
Vi har kun teikningar av eksteriør og då er det ikkje like lett å vere snekkar..... Men med erfarne og løysingsorienterte karar så blir det eit godt resultat som vi så langt er veldig fornøygd med.




Som de ser så har vi vore utruleg heldig med vèret. Det ser ut som det blir nokre dagar til med opphaldsvèr før regnet kjem. 

Ynskjer alle ei god veke! 

Hugs å leve i nuet:-)