Restaureringar av huset går sakte, men sikkert framover.
Støypearbeidet som skal forsterke stenderverket utanpå tømmerveggane har tatt mykje tid.
Husbonden har fått starta med å isolere og legge på asfaltplater på oppsida av huset. Dette er no fukt-tett med ein duk. Lekter skal utanpå før bordkledninga skal på.
Denne veka har vi hatt hjelp av ein lokal snekkar som har montert takrenner og starta med å legge på att taksteinen.
Vi gler oss til steinen er på taket. Då kan hauststormane berre kome.
Dette er eit møysommeleg arbeid og vil ta tid.
Ynskjer deg nydeleg kveld!





