torsdag 31. juli 2014

Mykje spennande i gamle veggar

Under rivingsarbeidet dukka denne artige sangen frå 1917 opp.
Det var sungen paa haustfesten i "Bard" 14.10.1917

Songen er skriven av Eivind Fossheim

I dei 42 vers står det blant anna:

"So hev me fotballag med spenn og spark
som øydelegg og trakkar svart vaar mark;
og mjølkelag og hestelag dertil
og sladderforening som aldri tegjer still". 



Dersom lokale lesarar kjenner til songen 
hadde det vore artig med ei tilbakemelding.







tirsdag 29. juli 2014

Juli

Juli kom fort med nydeleg sommarvarme. Hubonden har jobba mykje dei tre første vekene, men no er det endeleg ferietid for oss begge. Sola fortsetjer å stråle og det kan ikkje bli betre.


Lerke har fått sitt første kvalpekull denne sommaren. Jobben med desse søte krabatane er mi første prioritet. Dei skal følgjast opp med sosialisering og mat fleire gongar for dag. No er dei seks veker og er sjølvsagt med på garden. Der har dei eigen kvalpegard i skuggen. Der kan dei leike og sove så mykje dei vil. Med logrande halar ser det verkeleg ut som dei har funne lukka i Nilsgarden.



På grunn av andre gjeremål har det vore sporadisk jobbing 
med hus og hage.

Høyet er trygt i hus og resten av innmarka er lagt i rundballar. Vinterfòret er sikra. 

No har husbonden snekra litt over ei veke og snekkarane har vore her 4 dagar og fått opp råbygga. 












Det er både varmt og godt å arbeide i fint vèr. 
I dag kom det skikkeleg regn og det gjorde godt for både lufta 
og alt som gror. Vi får håpe det er forbigåande.

Nyt sommaren vidare!











mandag 30. juni 2014

Undervegs i restaurering og nybygg

Utbygget framover på huset er kome opp! 
Denne siste veka har vi vore spent på korleis takvinkelen på utbygget kom til å sjå ut og korleis plasseringa av vindu og dører ville passe. 
Vi har kun teikningar av eksteriør og då er det ikkje like lett å vere snekkar..... Men med erfarne og løysingsorienterte karar så blir det eit godt resultat som vi så langt er veldig fornøygd med.




Som de ser så har vi vore utruleg heldig med vèret. Det ser ut som det blir nokre dagar til med opphaldsvèr før regnet kjem. 

Ynskjer alle ei god veke! 

Hugs å leve i nuet:-)





søndag 29. juni 2014

Høyet skal inn

Vi har nydeleg tørt vèr med noko vind på nordvestlandet. 
Ypparleg terre! 
I starten på veka var det kald nordavind, men siste dagane har vi leita fram kortebukse og singlett. 
Reine sommardraumen for den som både ferierar 
og er småbrukarar.
Denne helga har vi blant anna fått inn det meste av torrhøyet. 
Vi heiv torrhøyet av hesene når doggen på marka tørka opp og pakka det i tusenliters-vedasekkar ut på ettermiddagen. 
Fole kjekt når oss stablar høyet på løda og lettvint å ta att når vi skal fore sauene utover vinteren.




Etter mykje jobbing på garden dei siste dagane vart det tid for ein god og lang fjelltur i dag!
Vi gjekk opp Molladalen, som vert rekna som ein av Norges vakraste dalar og vidare over Molladalsskaret og ned til setra Hauen på Ytre Standal. 
Ein nydeleg tur i flott sunnmørsknatur. Rekreasjon for kropp og sjel!






Det vart litt reklame for nærområdet i siste del av innlegget. 
Vi bur midt i sunnmørsalpane og kan velje og vrake i gode turmål.
Når vèret er som det har vore i det siste har vi ikkje behov for å reise vekk på ferie.
Vi bur faktisk her, midt i ferielandet :-)






fredag 20. juni 2014

Avkopling

2. pinsedag kopla vi ut og tok oss ein padletur.
Vi har akkurat tatt grunnkurset i havpadling og 
var heldig å få med ein kompis som 
har ein del meir erfaring. 
Planen var å padle rundt Raudøya i Ørstafjorden. 
Vèret viste seg frå si beste side og turen gjekk til Raudøya, 
via Berkneset til Yksnøya. 
Bileta er frå den fråflytta øya Yksnøya. 
Vi har ikkje undervegsbilete då eg kun har eit speglreflekskamera som ikkje er så ideelt å ta fram når ein padlar.....












Her var ein del inspirasjon å ta med oss heim til Nilsgarden!





onsdag 18. juni 2014

Muring

Vi har nokre flinke murarar som har tatt på seg oppgåva å forsterke grunnmuren, støype ny trapp, lage fundament til steinane vi skal legge på grunnmuren og støype rundt vindu og dører i kjellaren.









Ynskjer deg ein fin onsdagskveld!



søndag 15. juni 2014

Nytt tak

I slutten av denne veka har snekkarane fått sett opp arka og lagt på duk. 
Heile huset fekk seg ei god bløyte på torsdag for då pøsregna det skikkeleg.
Med god vind dei følgjande dagane tørka det fint opp att.




Det skjer ein del no framover og det er mykje som skal bestemmast.
Det er godt at det snart er ferie. Berre ei veke att!

Denne helga har eg fått møtt eit koseleg par der ho slekta frå Nilsgarden. Ho har mange gode minner frå garden og det var kjekt å høyre når ho fortalde frå barndomsåra. Desse to har hytte på sætra og eg fekk sjå ei perle av ei hytte utan straum og innlagt vatn. 
Det er så kjekt å møte folk som sett pris på det enkle hyttelivet og som sett pris på verdiane i å ta vare på det gamle. 
Det var ei triveleg stund i lag med desse to.


Ynskjer alle lesarar ei fin veke!