lørdag 30. november 2013

Korte dagar!

Vi kan skrive siste dagen i november og vi har koselege desember framfor oss. 
Juleførebuingar er i gang og det er ei kjekk tid no fram mot jul. 
I Nilsgarden er det fortsatt noko aktivitet, men det går stort sett i hjorteslakting, røyking av laks og arbeid i vedaskogen. For min del er det lite eg kan gjere då eg har operert skuldra etter ei skade. Gler meg til å kome sterkare tilbake etterkvart. 

Vinteren gir god anledning til å planlegge framdrifta av restaurering. Vi justerer teikningane av huset slik at vi kan kome i møte krav frå fylket og kommunen. Dette er teikningar vi sende inn for å få byggjeløyve. Huset sett frå fjella. Vindua skal ikkje vere krysspost, men med seks ruter i kvart vindu. Taket skal ha Vossaskifer som i dag, men steinen skal vaskast og takast av. Til våren skal snekkarar legge nytt tak med isolasjon under. Vidare skal dei setje opp tilbygga og ark på loftet. Bordkledning, vindu og dører skal skiftast. Heile huset skal isolerast slik at tømmeret vert synleg på innsida. Golvet i 1.etasje skal skiftast.


Det var litt om kva som skjer i Nilsgarden om dagane. 
Vi gler oss over alle små utbetringar vi får gjort. Dette er eit prosjekt som tek tid og vegen blir til medan vi går. 
Det er viktig at vi har det kjekt og at arbeidet gir energi. 

Ynskjer alle lesarar ein fin kveld!

Klem frå Irma

mandag 11. november 2013

I vedaskogen

Hausten er ei fin tid for veding og rydding. Vi er godt i gang og 
det er spennande å sjå kor beita opnar seg. 

Her først eit bilete frå ein skogstur for nokre veker sidan. 
Granskogen ligg tett inn til traktorvegen som deler beitet. 
Vi har no starta rydding av beitet til høgre på bilete.
Gamle piggtrågjerder er først fjerna.



Etter rydding:





I kveld er det storm her på nordvestlandet og 
det er absolutt kjekkast å vere inne.
Har fyrt i ovnen og håper andre har det like trygt og godt som eg.

Nyt kvelden!

Klem Irma

lørdag 2. november 2013

Velkomen november!




Det e svart november. Have kruse mot strand

ein forliste drøm fra et sommargrønt land.
(frå Tir n`a Noir - Vamp)

Vi opplever kortare dagar og lange mørke kveldar.
Ute er dei fine haustfargane gått tapt. 

Husbonden har tatt til å arbeide i vedaskogen. 
I same renna blir beiter rydda slik at det er råd å setje opp nye gjerder. 
Mykje skat skal samlast i hauger.
Der kjem eg inn og kan gjere ein innsats.

Arbeidet er rekreasjon og det er godt å jobbe ute i lag. 

Nokre stemningsbilete frå 2012:






Fyr i ovnen og tenn eit lys for mørketida!

Ha ein strålande kveld.

Klem frå Irma

søndag 27. oktober 2013

Eg er så glad i...

hausten!
Og rusle rundt i skog og mark med ein glad hund er lukka i livet.
Hunden snusar her og der. Ho dansar rundt blant tre og grastustar.
Eg ser på gamle piggtrådgjerde som må takast vekk og 
tre som må ryddast. 
Nye gjerdet skal opp til våren slik at sauene ikkje finn vegar ut.

Her kjem litt hauststemning frå nordvestlandet:






Nyt haustkvelden!

Gjerne med fyr i ovnen og stearinlys på bordet. 
Eg har eit kjekt strikkety som eg koser meg med 
når sofatjenesten kallar!

Klem frå Irma

torsdag 24. oktober 2013

Status takstein

Taksteinen vår er no klar for vinterlagring!
Det har vore mykje arbeid med vasking og forsvarleg lagring.
No står all takstein loddrett slik at frosten ikkje øydelegg steinen.
Vi måtte innsjå etterkvart at vi ikkje rakk å vaske alt før vinteren
Men 9 pallar er vaska, 4 pallar er brukt og 8 pallar står klare til vask.

Brukte heller:


Uvaska heller:


Vaska heller:


Desse må stablast ein annan stad. Men kvar?

God kveld!

Irma



mandag 21. oktober 2013

Ballen rullar vidare!

For nokre veker sidan var eg i møte med landbrukssjefen i kommuna.
Det var eit positivt møte der eg fekk svar på mange av spørsmåla eg hadde angåande
det å starte med sau. 
Vidare har eg vore i kontakt med Mattilsynet. Dei òg var positive!
No er det berre å køyre på.

I går ordna eg meg rekneskapsførar og registrert føretaket mitt i Brønnøysundregisteret.
Dette blir spennande!
Målet er at neste år på denne tida har eg 10 sauer på beite i Nilsgarden.



Vi gler oss til å få fleire firbeinte på tunet!

Nyt haustkvelden!

Klem Irma







tirsdag 8. oktober 2013

Kulturbakkane

Sist helg var eg på ein spennande stad i nærområdet.
Kulturbakkane er ein gamal gard som er nyrestaurert. 
Eit koseleg tun med sjel.


Ein blir nostalgisk av å gå i slike omgjevnader.



Ein nyrestaurert utedo.


Men kongebilete på veggen.


Sauefjøsen. 






Eg vil fortelje kva kurs eg gjekk i eit seinare innlegg!

Ha ein strålande dag!

Irma